Per Dagfinn Larsen

Per Dagfinn Larsen begynte som lærar på Ny-Krohnborg skule av di han ikkje hadde telefon! Då han var ferdig med lærarskulen, var det små sjansar til å få seg arbeid i Bergen. Metoden var å spørje på skulane kvar ettermiddag om dei trengte ein vikar neste dag. Men sidan han ikkje hadde telefon måtte han gå rundt og spørje. Han budde i Løvstakklien - og då var jo Ny-Krohnborg den næraste skulen. Og det er forklaringa på at han blei der i 35 år i alt.  I dette intervjuet frå 15. mai 2024 fortel han om den utviklinga han har vore med på.  Det er laga ein maskintranskripsjon av intervjuet - det kan brukast til oversyn over kva intervjuet handlar om. men OBS: Utskrifta er laga av ei maskin, og inneheld mange "dumme" feil, så det må ikkje siterast frå transkripsjonen.  Finn omtrentleg tidskode - og gå til videoen!