Strandebarmsdialekten
Ei fin lita gruppe samlast i Fossehuset ein gong i månaden og diskuterer saker som har med strandebarmsdialekten å gjera. Vil du vera med?
Det er Kvam mållag som kallar inn og organiserer. Me brukar lista til Hans Fosse som utgangspunkt.
Me vil ikkje gapa over for mykje, men sjå på noko av dette:
Er det stor forskjell mellom dialekten i Strandebarm og resten av Kvam?
Kva tyder dei ulike orda?
Korleis vert orda uttala?
Er det nokon ord som berre er brukt i dialekten vår.
Kven vil vera med i referansegruppa? (diskutera ord og ulike tydingar og uttale)
Kan du vera med og lesa inn historier på strandebarmsdialekt?
Visste du at:
I Strandebarm har me endinga -ana i hankjønn fleirtal (bunden form)
"Dei hestana, stutana og adle gutana."