Brydløpe på Londe

Christian Vidsteen: Brydløpe paa Londe (utdrag)

(Strandebarms Maal)


Dagen ette, strakst førr me reiste te Kjørkje, kobm Bruraa inn i Stova, i Fudl Buna, i Fylgje me Brurkonena og Brurpikena. Spelaren gjekk i Førvejen, so kobm Kjømeistaren, og førte Bruraa opp te Høgsete, kor Brugommen sat me adle Gjestena. Darpaa gjekk me tebors og aat Fisk me Smør og Mjelkesupa. Kjømeistaren helt ein liten Tale, og sa ka Meininjaa va me Dagen, og ønskte Brurfolkje te Lukka. Daa me hadde ete, gjekk me te  Kjørkje. Daa me kobm atte fraa Kjørkjaa,, lurte Brurleiaranna seg te stela Skona fraa Bruraa.  Brurpikena laut løysa dei me fine utsaumte Leista og Sela te Leiaranna.

So tebors; Maten va no dravle i store Ambra. Brur og Brugom sat i Høgsete, atteme Brugommen sat Kjømeistaren (men han fekk no lite Fre te sitja), so kobm Brugomsmenna, og paa hi Leaa næmaste Bruraa Brurkonena og Pikena. Taa Gjestena sat adletie Lensmanen, «Øvriheita», øvst; heldest sat dei ette alderen; gamle Ola Dalen, enddaa han bert e Husmann, sat næmaste Lensmanen. Om Kvelden dansa fyst Kjømeistaren me Bruraa, so Brugommen, so Brurleiaranna, og siaa kinn so vilde. Paa Resten vart ho aavklædd taa Brurkonena, og gjekk tesengs, so Adle saag paa.  Krunaa hadde ho paa Hove te brugommen va lagd, so tok han hena aav.

Andre Dagen fekk me Adle Mat og Skjenk paa Senjaa. Reikonena kobm me Korje fudle taa klinte Lepse og mykje adna, Øl og Brednevin. I Førvejen gjekk Tamburen og Spelaren, so Folkje laut vakna,

spaar eg. Te Middags andre Dagen fekk me den navngjetne «Bruragrauten». Han e kokt aav Mjelk og Byggryn, me braae Smør paa, og strødd me Rosine, Korenta, og Beta taa Honningkake. Adle gle seg te dan Retten, og han verte framboren me stor Stas. Daa me hadde sett oss tebors, kobm Kjømeistaren og henta Bruraa ut. Darpaa kobm Spelaren inn spelande, og Tamburen trombande, me dei skaut  utanføre, og so kom Bruraa inn me eit Fat Graut, so ho sette før Brugommen, og Reikonena me Graut te Gjestena. Kjømeistaren banka i Bore og begynte so han va vane: «Gje Lyd, godt Folk, o.s.v.

Her e kobmen ein Rett paa Bore, dan ha kosta meg mykje Bry. Kor varm Brurasenjaa va, so kobm daa Bruraa te meg imaaraa, daa Orren kurra, førr eg vakna; eg haure i Hovørskaa ho sa: eg ve ha ein Rett te Brugommen før Sjaasæve. Du ve fudla ha ein Graut, sa eg: dan gjere godt i kroppen, ja, sa ho. Eg spratt opp or Senjaa, berrarma og berrføtt; dar laag Kokkjen me ei Gryta onde Hove, og adle Tvogena

Te Aaklæ. Svart va ho, idl vart ho, daa eg sa ka eg vilde; ho jagde meg aav ete gryn. Eg treiv Stakkjen te Kokkjen, kasta øve Akslena; eg va berrarma, laupte berrføtt te Sjøs, og treiv ein Baat. Daa eg sku te sjaa, va Baaten roten; inkje Nygla, inkje meir so ei Aar. Da va aavlands Vind og bar te Havs me meg. Den eine Finjen sette eg i Nyglehole, den andra Hondaa laut eg styra me.


Kommentarar: Denne målprøva er henta frå Christian Vidsteen: «Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland» (1882). 

Christian Vidsteen (1832 – 1915) var fødd på Hamarhaug i Ølve. Faren, Ole Vidsteen (1787 – 1873), var fut i Hardanger og Sunnhordland 1820 – 1855, og Hamarhaug var på den tid futegard.

Slektsnamnet er frå Kvitastein (tidl. Jondal kommune).

Christian Bang Vidsteen utdanna seg til lege og var bl.a. distriktslege i Ytre Sunnhordland, med bustad på Stord. Han slutta relativt tidleg som lege og vigde seg til språkstudiar.

Han gav også ut «Ordbog over Bygdemålene i Søndhordland» som vert rekna som hovudverket hans.

Heile «Brydløpe paa Londe» kan ein lesa i «Oplysninger om Bygdemålene i Søndhordland».


Hans Fosse