Typiske trekk

Kjenneteikn av Leidolf Berge

Både i Strb. og i  Hard. heiter det t.d. vetta (verta). Å vetta gamal e´nåke skit.

I Hard. heiter det mangje medan i Strb. , mångge. Mångge kagga i kjedlaren.

Både ho og hu vert nytta i Strb.  Hu mest i yste delen av bygda.

Nokre ord har i Strandebarm noko ulike seiemåta: Fjørå-fjæra, Strangje-strångje, Tangje-tångje.



Strandebarmsdialekten skil seg ut frå den hardangerske på fleire måtar:


O-lyden som i solo,gryto.

O-lyden vert til Å  i solå, Vesoldå, Såtå, grytå, viså. Snjofreso vert til snøfresaren.

O-lyden er den som gjeld i mest heile Sunnhordland. Unnataket er strandebarmsken med sin Å.


I lyden. (frå eldre rettskriving av 1917). Soli, jordi. I lyden vert til Å i solå, jordå, Vesoldå, krøterå, fjedlå.


Ao-lyden i baot, sjao.

Ao-lyden vert til Å  i båt, små, sjå, blå. Gjeld i  Jondal, Strandebarm og Røldal.


Ll-lyden i fjell, fell vert til LD som i fjedl, fjedlå, fedl, kvedl.


Kje-lyden i bokje vert til kjå som i bokjå, brokjå. Og bukso vert til bukså.


BN-lyden vert til BM som i obbm, habbm (omn og hamn).


Dekan. Aokans.

Dekan  vert til dåka, dekans til dåkas ,  aokans  til vår.


Denne finst ikkje i Strb. men denn, dann og dar.


D vert uttalt i sandén, enden, vindén


U-lyden vert uttalt open i strandebarmsk som hug, turr, fura. Men hog,torr, fora  i hardangersk, 


Har vore. Har vært, spreier seg også i Strb.


Skarre R,en. 

Skarre r-en hører ikkje opphaveleg til i strandebarmsk. Det skal væra rudle-r , men skarre r,en er i ferd med å spreia om seg, her som andre stader. 


Setningsmelodi og trykk.

I tidl. Kvam og Strandebarm er setningsmelodien og stavningstrykket ulikt : Td.

I tidl. Kvam: Vesoldo med trykk på Ve, medan i Strandebarm Vesoldå med 3 like trykk.

Sameleis i Oppsaoto og Oppsåtå.