Strandebarmsdialekten
(kladd)
skrive av Leidolf Berge
Dialektane har i lang tid litt etter kvart vortne uttynna og forflata etter kvart som samfunnet blir urbanisert og teknifisert. Ei mengd nye ord er komne til og endå fleire gløymde eller ikkje nytta.
Men sjølvsagt er det naudsynt å tileigna seg nytt i det livet me i dag lever. På korte avstandar kan talemålet etter stutt tid få ein annan sveip. Generasjonane seg i mellom fører kanskje litt ulikt talemål. Ungdomsskulen med elevar frå ulike bygdelag er ein «smeltedigel» i så måte. Dei lever i ei anna tid med ulike erfaringar. I tidlegare tider dreiv fleirtalet jordbruk, skogbruk og fiske.Dei ferdast ute for dei måtte. Også i den korte fritida dei kunne avsjå. Det var turvande å ha namn på stader, arbeidsmåtar og dagleg omgang seg i mellom og i helg og høgtid.
Engelsk fløymer i dag inn over oss på alle omkverve. For nokre ættledar sidan, kom tilfanget frå hanseatane og frå dei mange nordmenn til sjøs i teneste på nederlandske skip.
Mykje av latinsk opphav er teke inn i norsk gjennom engelsk. Å kunna framandspråk er sjølvsagt til stor glede og nytte. Men å legga vekk morsmålet har med tap av samkjensle å gjera, og skaper avstand til sitt eige oppvekstmiljø.
I det store mangfaldet av dialektar i Noreg er det jamnt med spor frå norrønt. Dei siste 10 åra
er dialektane etter kvart vortne meir spreidde og omtykte, sjølv om elevtalet som nyttar nynorsk minkar. Fleire kjende forfattarar og skribentar er gode talsmenn for nynorsken. NRK medveten om nynorsk kvoten dei må nytta i sine sendingar.
Allment kjent er «den firehundrige natten som ruget over apekatten» med etterapt dansk i vide krinsar før Ivar Aasen med si «vekkjing» fekk bøtt noko på skaden. Men motvinden er vedvarande sjølv om medlemstalet i Mållaget er i vekst.
Ein kan undra seg på om dialektane kan gå så langt attende som til til folkevandringstida då germanske folkgreiner flytta nordover og tok seg land. Julius Ceasar slutta fred i 55 f.Kr. ved Rhinen med Ægder, Ryger, Hordar, Samningar m.fleire. Hardanger skulle tyda Hordane sin fjord. Anger=fjord. Undringa over dialektane er kanskje for dei særskilt interesserte.Men skal dei verta tekene vare på må dei ned på papiret. Dr. Chr.Vidsteen frå Ølve har gjort eit stor arbeid ved å samla inn ei mengd ord frå Sunnhorrdland og frå Hardanger.
I Hordaland reknar ein med tre dialektområde: Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger/Voss.
Bergensk er ikkje med i denne samanhengen. Sams for desse 3 dialaktane er A-endingane .
Heradet Kvam har i dag både dialektane hardangersk og sunnhordlandsk innan sine grenser.
Strandebarm høyrer til sistnemnde med mykje likskap til også Kysnes, Hatlastranda, Varaldsøy, Mauranger(Moringa), Ænes, Hålandsdalen og tildels Jondal. Men språkgrensa mot Jondal er etter måten skarp og seiest gå mellom dei to tuna på Heradstveit i Tørvikjå.
I Hordaland fylke for ei tid sidan , var ikkje Strandebarm, Varaldsøy, og Kvinnherad rekna med som del av Hardanger. Seinare kom desse Sunnhordlands kommunane med, for alle ville gjerne omtala seg som harding sjølv om talemålet var sunnhordlansk. I det indre Hardanger, medrekna Kvam, har dialekten mykje likskap med Indre Sogn og Voss. Språkgrensene samstavar mykje med dei gamle verdslege og geistlege inndelingane.