BakkaLarsen
BakkaLarsen.
Ka so går fortast?
Lars Knutson Bakke var fødd i 1933, da året Hitler då kom te makta, so han sa.
Faren Knut hadde vore i Amerika å lagt seg opp ikkje so ratt lite penga,
kr. 25.000,- å da va mykje i dei harde tretti åra. Etter ei kort tid i Grimo selde han butikken sin te Pukeruden å reiste heim te Strandebarm. Knut dreiv landhandel der på Ytre Børsheim i mange år og hadde 4 born, Larsen den yngste. BakkeLarsen dreiv gartneri og omførselhandel. Han hadde eit vidt distrikt i Fusa og Strandebarm å selde blomar, frukt og grønnsaker.
Tre gutar sto å krangla om ka so gjekk fortast. Den eine meinte fly, den andre rakettar.
Men tredjemann visste betre for då vetle broren hans va fødd hadde jordamorå sagt:» Han kom før eg hadde tenkt da».
Men BakkeLarsen for sin del visste om noko som gjekk endå fortare:
Han hadde ein dag møtt ein Fjellstrand arbeidar i Skjæring 5 minuttar før tidå.
Dipl. Ing. Backker Larssen.
Trygve frå Torsnes hadde vore i arbeid hjå BakkeLarsen å støypt ei kort bru øve Børsheimselvå. Trygven hadde skreve heim te faren å lagt ut om den svære entrepenøren han va sysselsett hos.
Om litt kom da eit brev på Posthuset med eit namn poststyraren ikkje riktig kjente til.
For da sto: Dipl.Ing. Backker Larssen, Børsheim. Då det endeleg kom rett fram, var det spurnad frå faren om han kunne få seg arbeid på eit av dei mange prosjekta hans. BakkeLarsen sende helsing med Trygven heim te faren at for tida kunne han ikkje ta inn fleire, men på Mjelkeveien kunne det væra von, før elde seinare. Ei stutt tid etter døde faren.