Gruppa som har danna prosjektgruppa Strandebarmsdialekten ynskjer å samla inn Strandebarms-ord og uttrykk som gjeld kvinner og kvinnearbeid i eldre og nyare tid.
Er du mellom dei som hugsar eller kjenner slike uttrykk?
Nokre få døme: ho e mykje slek!, laskatrøya, klevakona, todla, smedla, rekarebrya
Dette er berre nokre få døme, og gruppa vil no samla inn uttrykk brukt i Strandebarm før og no..
Me vil gjerne ha uttrykk som gjeld følgjande område:
Stell og omsorg, for det meste utført av kvinner
Svangerskap, graviditet og fødsel
Barnestell, frå nyfødd til skulealder
Lækjeråd for sjukdom og plager
Stell av sjuke i heimen
Tiltak for å hindra smittsame sjukdomar
Mat og drikke
Namn på rettar av mat og drikke, også eventuelle oppskrifter
Uttrykk brukt ved tillaging av mat av mjølk (t.d. kinning, ysting)
Uttrykk brukt ved konservering av fisk og sjømat (turking, salting)
Uttrykk brukt ved konservering av kjøt ( t.d. arbeid med slakting, salting, røyking, hermetisering),
Uttrykk brukt ved tillaging av korn og mjølmat (t d. steiking av krotakaker)
Kle og utstyr
Utrykk brukt om kvardags- og helgekle og sko for småbarn, unge, vaksne og eldre, kvinner og menn (løyert, pampuss, blåhuva laskatrøya)
Namn på deler av bunad og drakt brukt i særlege høve. (t.d. linnet, overiv valk, kristnarplagg)
Uttrykk brukt om tilverking av stoff/materialar ( karding, spinning, garving av skinn, farging, veving, sying)
Uttrykk brukt om vedlikehald av kle og utstyr (bøting, klesvask, bleiking, stryking og rulling)
Uttrykk for kvinner sin plass i samfunnet: ( t.d. kårkone, jordajente, bakstekone, krunebrur, fente, nærkone)