Gravdal/Mundheim

FØREORD


Noko av føremålet med denne ordsamlinga er å visa til kor rikt språket er. Dersom nokre av desse orda, som held nả å døy ut, kunne koma meir i bruk att, er ikkje arbeidet gjort til fånyttes.

Eit anna føremål med å samla desse orda er å karakterisera den nære fortida. Lokalt og også i større perspektiv er mange av orda med på å danna eit bilete av livet slik eldre folk og forfedrane våre opplevde det.

Stikkorda i ordlista har eg freista å skriva så nær opp til dialekten som mogeleg. Den nynorsken eg har nytta i forklaringane, ligg også nær dialekten. Eg har såleis drista meg til m.a. å bruka a-ending på hokjønnsord i ubunden form, eintal, så som "ei kaka" og "ei jenta". Elles har eg i fleire samansette ord nytta a som bindingsvokal (i staden for e) slik som i t.d. "buntaspon" og "handemakt ".

Den lyden som er skriven som ò ligg temmeleg langt frả den vanlege o-lyden, men ein kan gịerne karakterisera han som ein svært open o-lyd. Det er ein lyd som ligg mellom o, ø og å. I somme dialektar vert han uttala nærast som ø, andre stader som å. Ò-lyden er vanskeleg å uttala for folk som ikkje brukar han. 

Dei fleste vokalane har bảde trange og opne lydar. Dette er markert over bokstavane med teiknet ´ som tyder trang lyd, og ` som tyder open lyd. Ein seier såleis "mán'n" og "ásk" men "bàle" og "vékà". Det er berre dei stadane eg har funne det turvande, eg har nytta desse teikna.


Gravdal, Mundheim, 9.4.1985

Vilhelm Gravdal

EI NÆRARE UTGREIING OM DIALEKTEN


Alle stikkorda i ordlista er henta frâ grendene Mundheim og Gravdal. Desse grendene er den ytste delen av Kvam kommune i Hordaland. Før høyrde desse grendene til tidlegare Varaldsøy herad.

Frå gammalt var det fleire gardar som høyrde til grenda Gravdal. Lengst ute (i Hardangerfjorden) er garden Vestervik (som no høyrer til Kvinnherad kommune). Gravdal er hovudgarden, og lnnanfor Iigg Furhovde. Desse tre gardane utgjorde Gravdal grend.

Men Furhovde var i ei merkeleg stode. Denne garden høyrde nemleg til grenda Mundheim og. Dessutan høyrde gardane Leirstein, Tveit og Torgilstveit i Mundheimsdalen til grenda - forutan sjølve garden Mundheim.

Elles høyrde gardane Nernes og Nes med Nybru til Mundheim.

Når det gjeld dialekten på Mundheim og i Gravdal, er han sjølvsagt ikkje så særmerkt i høve til den ein finn i dei nærliggjande byrdene, at han skulle trenga nokon særskild omtale. Mest for å kasta lys over skrivemåten for orda eg har samla, vil eg likevel freista å gje ei nøgnare presisering av dialekten. Eg har valt å kalla han Gravdal- og Mundheims-dialekten:

I den store samanhengen høyrer dialekten til hovudgruppa det sørvestlandske målføret. Det omfattar midtre og indre Sogn, Hordaland, Rogaland og sørover til Agder. Såleis dreiar det seg her om den nordlege delen av det sørvestlandske målføret.

Det som er det mest karakteristiske for det sørvestlandske målføret, er at det er eit a-mål. Alle verb i infinitiv endar på -a slik som "fidna" , "hoppa" og "springa". Ein finn og a-ending i den ubundne forma av slike hokjønnsord som på nynorsk endar på -e. Døme på det er "ei gryta" "ei kviga" og "ei jenta", Andre ord som har a-ending, er "åtta", "hàima" og "jedna". Elles endar og dei fleste hankjønnsorda i ubunden form, fleirtal på -a (Indre Hardanger og

sørlege Sunnhordland har -ar). Det heiter altså fleire "hesta", "bakka", "guta" osb.

Målføra i Hordaland er delt inn i fire grupper forutan Bergensdialekten. Det er Sunnhordlandsmål, Hardangermål, Vossamäl og Nordhordlandsmål. Gravdal- og Mundheim-dialekten vert rekna til Sunnhordlandsmälet, sjølv om grendene geografisk gjerne vert rekna til Hardanger. Op sidan alle dialektarhar gradvise overgangar i einannan, er det svært vanskeleg å dra opp geografiske skiljeliner. Likevel, ein finn mest likt med Sunnhordlandsmålet.

Lat oss sả sjả nærare på korleis denne dialekten er. Når det gjeld den doble konsonanten ll, vert den for det aller meste uttala dl. Såleis vert det sagt både "udl" og "kjedlar'.  Dette er karakteristisk for så å seia heile det sørvestlandske målføret. Men ord som har ld-lyden i seg, er meir interessante. Dei har halde på denne lyden like frå gamalnorsk. Ord som kveld og halda vert uttala nett slik som dei vert skrivne. I Hordaland er det berre Voss, Hardanger og Sunnhordland unnateke den sørlegaste delen som har dette.

I storparten av det sørvestlandske målføret vert rn uttala som dn. Døme på det er "kvedn" og "hòdn". Men det å seia dn i staden for nn er ikkje sả ofte å finna. Det er berre den nordlege delen av Sunnhordland og størstedelen av Nordhordland som har det. Ein seier altså "kjedna" og "fudn" istaden for kjenna og funn.


Den doble konsonanten mm vert uttala bm i Gravdal- og Mundhelms-dialekten. Store delar av ytre Hordaland har denne lyden. Såleis seier ein både " skabm", "dabm" og "submar". Men me seier og "habm" og "óbm”. Her er det mn som er skifta ut med bm.

Orda lam og kam vert uttala slik som dei vart skrivne før, nemleg som "lamb” og “kamb”. Dette er felles for sả ả seia heile Hordaland unnateke Nordhordland.

Rs-lvden gàr ofte over til ein ss-lyd når det kjem ein konsonant etter. Det gjer han i orda fyrste, torsk og mange fleire. Hassel, pusla og vesle lnneheld alle sl-lyden. I Gravdal- og Mundheims-dialekten vert dette uttala tl, altså "hati", "putla" og "vetle". Dette er eit særmerke som held pâ å forsvinna i mange ord.

Eit anna særmerke som held på å døy ut, er ps-lyden i staden for fs-lyden. Lefsa og glefsa vart før uttala "lepsa" og "glepsa".

Fenomenet ombyting av konsonantar finn ein og i eit og anna ord. Det at sk vert uttala ks når det fylgjer ein ustemt konsonant etter, er sả å seia det einaste dømet på denne ovringa. Ein kan høyra eldre folk seia at "badne' va 'kje hàilt frikst" eller at "da va inn fela sjau når di trykste". Eit meir tradisjonelt døme er "sjoldbrukskjertel'n" i staden for skjoldbrusk-kjertelen.

Diftongen ei vert ikkje uttala med ei-lyd. Det er heller ikkje ein direkte ai-lyd. Ikkje kan ein kalla lyden ein æi-lyd, som vel er den vanlegaste uttalemåten, men nærare ein ài-lyd med mest trykk på i-en. Like elns vert og ai-lyden uttala, slik at ein seier både "nài", "hàim" og "kài".

Øy-diftongen vert heller ikkje uttala slik som han vert skriven. Her er det òy-lyden ein brukar, slik at det vert “tròya” og "hòy". Men det finst og ein annan variant som skriv seg frå øy-lyden. I t.d. trøytt og nøydd er heile y-en borte, slik at det vert "tròtt" og "nòdd".

Dn-lyden finn ein i ordet steinen. Folk seier "àin stàin", men "dan stài' dn". Ordet raun, som og inneheld diftong, får ikkje ei slik ending i bunden form. Det ser ut for at dei fleste hankjønnsorda med diftong og n har ei liknande ending som "raun'n".

Smed vert vel uttala "sme" i dei aller fleste dialektar. Den bundne forma har derimot mange ulike uttalemåtar. I Gravdal- og Mundheims-dialekten vert det sagt "sme' dn". Det er berre den nordlege delen av Sunnhordland og ytre del av sørlege Nordhordland som har d-innskot i Hordaland. Einskilde andre ord får og dn-ending som t.d. "snø'dn" og "bý'dn". Den etterhengde bundne artikkelen vert likevel oftast forenkla frả -en til -'n. "Stol'n" og "har'n" viser dette.

I hokjønnsorda får ein derimot ein kort å-lyd s om etterhengd bunden artikkel. Denne lyden ligg temmeleg nær opp til ò-lyden. Same korte å-lyden finn ein og i den bundne forma av inkjekjønnsorda i fleirtal. Døme på det fyrste er den bundne forma av ei hòla, nemleg "hòlả". Just same uttalen har ein og i den bundne fleirtalsforma av eit hòl - det er berre trykket på stavingane som er ulikt.

I fleirtal bunden form har ein endingane -ane og -ene bảde i hankjønn og hokjønn.

Ein seier altså både hestane og sauene (han-kj) og kvigene og merrane (hokj). Dette er likt med den nynorske skrivemåten.

Ein har både e og a som bindingsvokal i samansette ord. Det vert sagt slåttekar og bygdafolk. Elles ser ein at h-en fell bort i ord som "eldus", "kvednus" og "smòlus"/"smalus" .

Ei karakteristisk e-ending har ein og i notidsforma i mange sterke verb. Såleis seier ein "fidne", "kjebme" og "đette". Noka ar- eller er -ending har ein ikkje i presens i dei svake verba heller. Ein seier "hòppa" og "vise".

Pronomenet me brukar me i vår dialekt. Men ein treng ikkje reisa lenger enn over fjorden for ả høyra vi. I bygdene kring Rosendal vert det sả ả seia berre sagt vi.

Den ubundne artikkelen ein varierer frả "àin" til " inn" alt etter kor mykje ein gjer seg føre når ein snakkar. Om ein t.d. skjenner pả borna og legg vekt på orda ein seier, kan det verta som sả: "Da va àin fela sjau tå đòke!" Men om ein sit i godstolen og fortel, kan det verta: "Jau, da va inn gammal mann..." Den same variasjonen finn ein og i bruken av ordet som ubunde pronomen, men som talord vert det "àin".

Artikkelen ei vert uttala stort sett som "ài". Eit derimot varierer frå "ètt" til "eitt" eller "itt". Men når ordet vert lagt vekt på, vert det uttala slik som "minst ètt år siả".

Æ-lyden finn ein ikkje i Gravdal- og Mundheimsdialekten. Den vert uttala nett slik som e både i "péra" og i "ètt".

VARIASJONAR I GRAVDAL - OG MUNDHEIMS-DIALEKTEN


Den mest karakteristiske skilnaden innanfor desse to grendene er variasjonen mellom ò og ả. Pả Mundheim seier ein konsekvent t.d. "påse" og " måse". Men kjem ein opp i Mundheims-dalen, høyrer ein tydeleg skilnaden. Der vert đet sagt "pòse" og "mòse" o.s.b.

I Gravdal har ein og denne ò-lyden, men han er ikkje sả karakteristisk som i Mundheims-dalen. Lyden grensar i mange høve nærare opp til å, Men skilnaden mellom ả og ò kan ein merka korso. Likevel brukar somme lydane om einannan.

Den viktigaste grunnen til at ein på sjølve Mundheim brukar å-lyden i staden for ò-lyden, er nok at dette er sentret i bygda med m. a. handel, post, skule og tidlegare ferjeleie. Sjølv om det ikkje er sả stor plass, og heller ikkje har sả svært mange tilflyttarar, har nok kontakten med omverda gjort sitt til å endra talemåten.

Eit anna karakteristisk trekk er at ein i Gravdal brukar meir ø istaden for ò. Ein seier altså t.d. "øsp" med tydeleg trang ø-lyd mot " òsp" i Mundheimsdalen. Elles heiter det "ett kjørve" i Gravdal, medan Mundheimsdalen har "kjòrve". Verbet "kjørkja"/"kjòrkja" (=kvela)) er like eins.

Einskilde ord er nok og ulike kringom på dei ymse stadane, men det kan like snart vera ord som ikkje fylgjer noko fast geografisk mønster . Ordet namn vert ikkje uttala "nabm" som ein gjerne skulle tru med omsyn til andre ord med mn-lyd. Dei fleste brukar nok "namn", men enkelte nyttar varianten "namm" og "namme" i bunden form. Elles vert ordet "inn grøde" nytta somme stader, medan "ài grø" (=ei mengd) står for nett det same andre plasser. Eit anna døme er "fòrferdele" og "fòrfardele".

SKILNADER MELLOM UNGE OG ELDRE


Når ein snakkar med eldre folk, kan ein verta storleg overraska over kor stor skilnad det er mellom unge og eldre i måten å snakka på. Ordforrådet er heilt ulikt, og mange ord vert uttala ulikt. Her er nokre døme:

Mange eldre brukar ordet brók. Det er derimot svært få unge som nyttar dette ordet, ein seier heller buksa.

Ò-lyden. Den tidlegare omtala ò-lyden er det svært få unge som brukar. Det vert hevda at dei rett og slett ikkje greier å uttala lyden. Anten vert det sagt à, eller sả hamnar ein i å seia ø eller ó. Berre eit enkelt ord som før syner dette. Eldre folk seier konsekvent fòrr, medan dei unge seier før.