Namn

Personnamna.

I Strandebarm heiter det Olaèn, OlaHansèn , Endre-Gyri-Guri-Nils-Olaièn, Madliå

I Kvam er det han Ola, han HaokoHarald, ho Besto.

Ludviken                Låvikjen

Kristofferen            Krestaforen

Ingeborg                Ingjebærå

Johanna                  Hannå

Elisabet                   Lisbetå



Stadnamn.

Når me no er i gang , må me få retta opp skrivemåten i kartverket på ein del stadnamn, ein viktig del av kultur-arven vår. Det er mykje rot med at bunden form er nytta, medan det rette er ubunden i mange høve. Kaldagjel er det rette, ikkje Kaldagjelet. Kråkenos er rett. Kråkenosi feil. Geithaug er på Dalsete medan Geitahaugen på Skor. Kjel er rett, Kjelen feil. Tåganuten er rett. Tåkenuten feil.

For min eigen del var eg godt vaksen før eg fann ut kva Mjusi og Mjusien var for noko. Likeeins er

Køylnesdammen  eit forvitneleg ord. Ofte står  stadnamna seg best mot «slitasjen » gjennom åra.