Vi er glade i Britahuset og håper at du vil trivast og ta godt vare på det.
Hagen som høyrer til Britahuset går frå parkeringsplassen mot ferjekaien til ei linje rett ned mot sjøen frå ladestasjonen til robotklipparen. Dersom du skal bruke Sjøhuset, må det bestillast separat. Brygge, molo og badebrygge er felles med eigar.
Så må vi be om at det ikkje blir kasta steinar eller anna i vatnet, det blir ugreit å trakke på for dei som skal bade.
Badebrygga skal ikkje flyttast på utan etter avtale.
Brukar du båten, husk å fylle opp bensin til same nivå som då du tok den i bruk (98 oktan blyfri). Sjå eigen instruks for bruk av båten.
Gi beskjed om det er noko du saknar eller om du har spørsmål.
Beste helsing Sissel og Arne, Tlf 98214722.
Robotklipparen kan stoppast ved å trykke raud stoppknapp på toppen.
Varme i første etasje er primært vannboren golvvarme med separate termostatar for bad, inngangsparti, kjøkken og stove. Temperaturen kan regulerast ved å trykke på pil venstre (ned)eller pil høgre (opp). Displayet viser temperatur. NB! Med vannboren golvvarme tar endring av temperaturen lang tid, så om du vil ha litt meri varme er det best å bruke panelomnen eller kanskje fyre på peisen.
Under lysbrytaren for spisebordet, er det fjernkontroll for lampettane ved ”lesestolen”. For at denne skal virke, må lampettane stå på.
Lyset på gangen i andre etasje er automatisk og vert styrt av bevegelsessensor. Det slår seg av etter om lag eit minutt.
I kjøkkenskuffa ved vinduet mot vegen finns det ekstra lyspærer og aktuelle instruksjonsbøker.
Spel finns i skuffe under fjernsynet, leiker for barn i underste skuffa på gangen.
Puter til utesofa legg vi under bokhylla på stova når dei ikkje er i bruk. Vi ber om at du tar dei inn om du forlet huset og på kvelden slik at dei held seg tørre.
Avfall skal kjeldesorterast og adgangskode til avfallsbygget er *505076*. Det er også nøkkelbrikke til avfallsboda på husnøkkelen.
Ved avreise, husk å bere ut alt avfall, sjå at kjøleskap og skuffer er tømt for matvarer og at papirkorgene på bada er tømde. Omega sin informasjon fortel kva som blir forventa.