The story of Britahuset

Britahuset vart bygd omkring 1920. Brita er den som har budd lengst i huset, lenge saman med mor si men seinare åleine. Ho var ei flott dame, bygda si sjukesøster og godt likt av alle. Kjærasten sin miste ho i forliset til hurtigruta Sankt Svithun ved Stadt i 1943. Det blei ingen annan.

På slutten av livet sitt, bygde Brita seg eit nytt hus i byggefeltet på Stuvik. Slekt fekk ta over huset og brukte det til feriehus fram til 2018. Då fekk vi ta over huset etter Olav og Eivind, sidan huset ligg nesten inne i hagen vår.

Så gjekk dei neste halvannan åra med til intens jobbing for å setje det i stand. Utvendig fekk vi hjelp av byggmeister Finnshus og Selvåg. Det blei gjort med gode råd frå ekspertise i fylket, spesialbestilt høvla kledning, isokitt vindu ed beslag og mange strøk linoljemaling. Vi klipte på overgrodde hekkar og la brustein med god hjelp frå kamerat Jostein Myge.

Inne gjorde vi alt arbeidet sjølve, berre med hjelp frå rørleggar og elektrikar. No er vi glade for gode tilbakemeldingar frå rannar og besøkjande: Britahuset har blitt eit triveleg hus, både ute og inne.