Nedstrand

Nedstrand er ei halvøy med knapt tusen innbyggerar. Tidlegare var det eigen kommune, men no er det ein del av Tysvær. Det er to senter i bygda, Hinderåvågen har kyrkje, skule, eldresenter, bygdehus og jordbruksskule. Her er også butikk, Nedstrand Bryggeri, Høyt og Lavt klatrepark og her kan du parkere for å gå beinvegen til Himakånå. Stranda ligg vel tre kilometer lengre mot aust. Her finn du båthamna, campingplass, legekontor, ferje- og hurtigbåtkai, Nedstrand Museum med den gamle tollbua frå 1600-talet, to butikkar med daglegvarer og mykje meir. Under kartet finn du informasjon om turar og aktivitetar med utgangspunkt på Nedstrand.

Nedstrandskart

Nedstrand litt flott til mellom fjord og fjell. Her er det berre å nyte dei flotte fjella: Stølanuten, Rossafjellet, Skrubburdsnuten og Dalvanuten ligg lett tilgjengeleg om du køyrer til Gurigjerd og tek beina fatt. Det er godt merka løyper frå parkeringsplassen.

Himakånå

Her finn du meir informasjon om Himakånå.

Leirå og
Tonganeset

Friområdet på Leirå har strand, sandvolleyball og grillar. Her går stien vidare til Tonganeset fyrlykt

Stølanuten og Badnavatnet

Her finn du fine forslag til fjellturar i Nedstrand

Andre turmål i Nedstrand: