...med hage i sjøkanten




Velkommen til Britahuset!

Her kan du bo i eit vakkert hus med hage og eiga brygge midt i sentrum av den sjarmerande Nedstrands-bygda. Huset er over hundre år gamalt og vart renovert og sett i stand i 2018/19 og i 2020 var det ein av finalistane i konkurransen om å få kommunens pris for god byggeskikk.

Hagen og sjøen er det som verkeleg gjer huset unikt. Her kan du slappe av på terassen eller plenen, tenne opp bålpanna ein fin sommarkveld eller berre nyte kveldstimen på steinmoloen. Og manglar du noko, er det 50 meter til butikken.

Rett frå brygga i hagen kan du kaste loss og dra ut på holmetur eller prøve fiskelukka. Nedstrand har også fantastiske turmuligheiter med flotte fjell og vår nye attraksjon, Himakånå. Klatreparken er også open heile sommarsesongen. Det finnes fleire leikeplassar lett tilgjengeleg og små og store trives på friluftsområdet Leirå med langgrunn badestrand, grillar, sandvolleyball og bocciabane.

Britahuset har tre soverom med 7 senger, to bad (eit med dusj) og godt utstyrt kjøkken.

Kom og opplev Nedstrand og Britahuset!

Helsing Sissel og Arne

Her er vi

Det er lett å finne fram, Britahuset er nabo til parkeringsplassen ved ferjekaien.

Sjå videopresentasjon!

Nedstrand

Britahuset ligg midt i Nedstrand, rett ved kaien der ferja og hurtigbåten. Flotte holmar skjermar oss frå Boknafjorden. Bildet viser båthamna og Færøyna.
Les meir om Nedstrand .