Ålesund

Kommunen og United Future Lab Norway/Framtidslaben Norge

I prosessen der fem kommunar blei til Ålesund kommune 1. januar 2020, var det eit klart politisk initiativ at Ålesund kommune skal vere leiiande innan teknologi og innovasjon. I intensjonsavtalen mellom dei fem kommunane står det at den nye kommunen skal ha ei tydeleg satsing på offentleg innovasjon og utvikling.

I tillegg hadde Kari Aina Eik, generalsekretær i OiER, leiar og initiativtaker til FN-programmet for smarte og berekraftige byar (U4SSC) ei nøkkelrolle etableringa av Framtidslaben.

I sum førte dette til at Ålesund kommune blei den første norske kommunen som blei med i U4SSC-nettverket, saman med nabokommunane Sula og Giske .

Ålesund kommune blei utfordra av U4SSC til å etablere ein lab og etablerte derfor United Future Lab Norway (tidlegare Ålesund framtidslab - U4SSC ip) saman med partnarar frå privat næringsliv, akademia og offentleg sektor.

Det offisielle namnet på laben er United Future Lab Norway, i daglegtalen brukast Framtidslaben.

Om Framtidslaben

Ordførar Eva Vinje Aurdal fortel om tankane bak kommunens engasjement i berekraftsmåla og etableringa av United Future Lab Norway.

FN om Framtidslaben

Ålesund kommune fekk utfordringa om å etablere United Future Lab Norway frå FNs program for smarte og berekraftige byar - United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC).

Framtidslaben på Nordic Edge

United Future Lab Norway og partnarar hadde ein sesjon under den digitale utgaven av Nordic Edge i september 2020.

OM UNITED FUTURE LAB NORWAY

United Future Lab Norway er eit nettverk av partnarar frå privat næringsliv, akademia, organisasjonar og offentlege.

Framtidslaben Norge si oppgåve er å legge til rette for samarbeid om å realisere konkrete prosjekt. I framtidslaben deler partnarane kunnskap, kompetanse og erfaring slik at dei kan finne felles løysingar på eigne utfordringar.

Utgangspunktet for arbeidet i og rundt Framtidslaben, er FNs analyser av kor berekraftige og smarte samfunn er. Målet er å bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030.

Prosjektbasert

Framtidslabens kjerne er prosjekt. Bruk av teknologi og simuleringsverktøy er viktig for prosjekta knytt til laben.

Framtidslaben jobbar tett med AugmentCity/Offshore Simulator Center (OSC) som har utvikla digitale tvillingar av fleire kommunar. Framtidslaben jobbar for å stimulere til at teknologi og simuleringsverktøy blir tatt i bruk der det er mogleg i prosjekta, og at dei som ønsker det, skal ha tilgang til slike verktøy.

Målsetting og strategiar

Framtidslabens hovudmål er stimulere til handling gjennom prosjekt: Gjennom prosjekt mellom partnarar skal Framtidslaben sørge for berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling. Prosjekta skal bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030 samtidig som dei skapar verdiar og moglegheiter for dei involverte partnarane.

For å nå hovudmålet skal framtidslaben jobbe aktivt med desse strategiane:

PARTNARSKAP

Framtidslaben er bygd opp av partnarar frå det offentlege, næringsliv, akademia, det sivile samfunnet. Partnarane skal samarbeide på tvers i prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål, basert på resultata av FNs KPI-analyser.

PROSJEKTFASILITERING

Ålesund framtidslab skal legge til rette for at partnarar kan dele kunnskap, kompetanse og erfaring gjennom handlingsorienterte prosjekt.

MØTEPLASSAR

Framtidslaben skal vere den føretrekte møteplassen for å stimulere til - og gjennomføre, prosjekt med fokus på smart og berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling. The North West er ein viktig arena der Ålesund framtidslab bygger relasjonar, deler erfaringar, hever kunnskapen og utfordrar etablerte sanningar.

RESSURSSENTER

Framtidslaben og partnarar skal vere eit ressurssenter for smart og berekraftig utvikling lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Prosjekt i United Future Lab Norway

Idé Sektor Berekraft

Prosjektet skal utvikle eit program spesielt retta mot praktisk samarbeid mellom offentleg sektor og privat næringsliv.

Les meir


Digerneset Innovasjon

Målet er å gjere Digerneset Næringspark til eit knutepunkt i regionen og samtidig bidra til ein utsleppsfri transportsektor.

Les meir

E-teams: E-sport for ungdom

E-teams har fokus på e-sport retta mot skole og fritid, i første omgang for barn og ungdom i aldersgruppene 9 - 13 år og 13 - 16 år.

Les meir

Smart Water

Juni 2020 blei det sjøsett ein flåte i Brusdalsvatnet, drikkevasskjelda til Ålesund. Den skal overvake vasskvaliteten og logge verdiar som gjeld kvaliteten på vatnet.

Les meir

Universitetskommune

Ålesund kommune og NTNU i Ålesund skal dele kunnskap og utvikle tenester. Gjennom universitetskommune-avtalen bruker NTNU samfunnet som eit levande laboratorium og kommunen får tilført kunnskap og hjelp til å utvikle seg.

Les meir

Smart Plan

Prosjektet ser på korleis vi kan bruke data og planlegge på nye måtar gjennom visualisering og simulering.

Les meir


Atea - del dine data

IT-selskapet Atea har sett opp ei datadelingsplattform for å samle, oppbevare og bearbeide data som er tilgjengeleg for partnarane i Framtidslaben.

Les meir

Smart Sirkulær by

Prosjektet skal bidra til å utvikle nye og famtidige løysingar som bygger på smarte sirkulære modellar - blant anna miljøløysingar som skal bruke alle ressursar best mogleg.

Les meir

Bildelingsordning

Ålesund kommune arbeider saman med TAFJORD og Sparebanken Møre om å få på plass ei bildelingsordning. Målet er å få ned bruken av kommunalt eigde og private bilar og å få fleire tilsette til å velge ei anna løysing enn eigen bil til og frå jobb.

Les meir


Skal bli betre på grøne innkjøp

Kommunane Ålesund og Kristiansund måler fotavtryket av kommunale innkjøp med ny metode saman med Asplan Viak.

Les meir

Sunnmøre sonings- og kompetansesenter

Med bakgrunn i moglegheitsstudie utarbeidd av Sunnmøre regionråd, er kommunane samde om at nytt sonings- og kompetansesenter for Sunnmøre skal ligge på Digerneset.

Les meir


Marine grunnkart

Marine grunnkart i kystsona skal bidra til ei berekraftig utvikling av kystsamfunan våre, og til styrking av dei marine og maritime næringane.

Hackaton

NTNU, Gagn og Framtidslaben vil arrangere Hackaton for studentar hos Framtidslaben.

Les meir




Kontakt United Future Lab Norway


Dagleg leiar: Marielle Furnes Mannseth:marielle.furnes.mannseth@alesund.kommune.no /934 02 140
E-post: framtidslaben@alesund.kommune.no
Nettstad: alesundframtidslab.no
Besøksadresse: Campus Ålesund, NMK, Borgundvegen 340, Ålesund

Følg oss

FacebookLinkedInYouTube