Sist oppdatert 19.02.2025 - oppdateres årlig medio mars
Elevene sitt skolemiljø
Kapittel 12 i Opplæringsloven beskriver elevene sitt skolemiljø.
I § 12-4 beskrives skolenes aktivitetsplikt for å sikre at elever har et trygt og godt psykososialt skolemiljø;
"Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.
Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle.
Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka.
Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.
Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.
Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå
kva problem tiltaka skal løyse
kva tiltak skolen har planlagt
når tiltaka skal gjennomførast
kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
når tiltaka skal evaluerast.
Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd."