Språk og lesing

Språkforståing og talespråk

Språkforståing er grunnlaget for utvikling av talespråket. Dei språklege erfaringane og opplevingane barn gjer for å forstå talt språk, er derfor eit viktig grunnlag for barnet si eiga språkutvikling. Dette gir grobotn for at det ”veks fram” eit behov for, og ønske om, sjølv å vera aktivt deltakande i språkleg kommunikasjon. Slike intensjonar fører til at barnet gjer sine første taleforsøk ved å prøva å etterlikna talte ord og talespråk som dei høyrer og forstår. I 4 - 5 års alderen har dei fleste barn fått eit ord- og omgrepsforråd og nådd eit nivå i språkforståing, talespråk og uttale som dannar eit godt grunnlag for kommunikasjon, og for vidare læring og utvikling fram mot skulealder.


Språkleg medvit

Når eit normalt språkleg nivå for eit barn i 4 - 5 års alderen er oppnådd, ser me at det begynner å oppdaga lydsida av talte ord, den fonologiske identiteten til ordet. Dei blir bevisste på at ord me seier er sett saman av språklydar til eit språklydmønster. Ei slik fonologisk oppdaging/bevisstgjering gjer at barnet lærer seg ulike fonologiske ferdigheiter, for eksempel riming. Dei lærer å identifisera og skilja ut delar av språklydmønsteret, som å lytta ut ord, stavingar, og språklydar i ord. I same periode ser me også ofte at barn rettar meir merksemd mot eigen og andre sin uttale.

Mange barn i førskulealder blir nysgjerrige på, og interesserte i bokstavar og skrivne ord. Nokre barn lærer seg kva bokstavane heiter (bokstavnamn), og lærer seg å gjenkjenna skrivne ord. Dette kan vera namn på personar, kjente logoar som Coca Cola, Kiwi, Esso og liknande. Herfrå vil barnet kunna bli merksam på at skrivne ord er sett saman av bokstavar til eit bokstavmønster. Dette er ordet si formside og er ordet sin ortografiske identitet. All interesse for skrivne ord, gryande ortografisk bevisstgjering og erfaring med skriftspråklege aktivitetar er svært positivt. Skrift-språket er det symbolspråket ein byggjer på, når ein skal læra å lesa og skriva.


Språklege ferdigheiter og vanskar

All språkleg læring i førskulealder er svært viktig med tanke på vidare læring. Dette skjer aller best i sosiale og naturlege situasjonar og samanhengar. Her kjem barnehagen inn som ein svært viktig arena. Det er viktig å ha samtalar og aktivitetar med barnet som gjer det bevisst på ting og hendingar rundt seg. Og dessutan leggja tilrette for allsidige opplegg, slik at ein stimulerer alle dei ulike sidene ved barnet. Dersom barn har vanskar med å ta del i aktivt samspel og aktivitetar med andre barn, kan språkutviklinga bli hemma. Motsett kan barn også få vanskar med åtferd og sosial fungering dersom dei har språkvanskar. Det er ikkje alltid like lett å sjå årsakssamanhengane her. Det er derfor viktig med systematisk observasjon og kartlegging av fleire funksjonsområde når barn sine språklege ferdigheiter og eventuelle vanskar skal vurderast. Ved skulestart er det viktig å ha best mogleg kjennskap til kvart enkelt barn sine språklege ferdigheiter og eventuelle vanskar, slik at ein kan ta omsyn til dette når ein legg til rette begynnar-opplæringa i 1. klasse.


Lese- og skriveutvikling

Mange faktorar er avgjerande for ei positiv lese- og skriveutvikling, m.a. er det viktig at lesing og skriving blir innlært som språklege ferdigheiter, og ikkje bare som reint tekniske ferdigheiter. Barna må tidleg få erfara at føremålet med å lesa er å forstå, og føremålet med å skriva er å formidla slik at andre forstår. Lesing og skriving er ferdigheiter som saman med talespråket er dei viktigaste kommunikasjonsverktøya me har.

Dette er ein leseplan, men leseopplæringa heng i stor grad saman med skriveopplæringa. Det er positivt å koma tidleg i gang med skriving. Me ser ofte at god rettskriving er samanfallande med god leseferdigheit og motsett, at vedvarande rettskrivingsvanskar ofte er samanfallande med lesevanskar.


Vurdering og kartlegging

Det er mange læringsmål ein skal nå i lese- og skriveopplæringa, og det vert forventa at barna oppnår eit visst ferdigheitsnivå på visse tidspunkt i opplæringa.

Lese- og skriveutviklinga bør kartleggjast med standardiserte testar på bestemte tidspunkt i løpet av skulegangen. Dette vil avdekka funksjonsnivå, mangelfull læring og eventuelle vanskar som måtte førekoma. Det vil vera spesielt viktig å få avklart barnet sine læreføresetnader og om det finst spesifikke språklege vanskar. Dersom eventuelle vanskar varer ved, må ein tilvisa til PP-tenesta for å få gjennomført ei breiare utgreiing og vurdering.

Det vil vera naturleg at det er norsklæraren som gjennomfører dei standardiserte testane, men det er viktig å presisera at alle lærarane har eit ansvar for å vera merksam på eleven si lesing, evna til å reflektera, evna til å strukturera informasjon og evna til å granska og tolka tekst, eller det å lesa mellom linjene. Det er viktig at læraren vurderer desse prosessane gjennom observasjon av korleis eleven les og arbeider med tekstar i skulekvardagen.

Læresamtale er ein metode som kan nyttast for å fremja eleven sin refleksjon om eiga læring og lesing.