Biblioteket som ressurs i leseopplæringa

Ryfylkebiblioteket Finnøy har ”Litt for alle”.

Bokkassar

Det er mogleg for alle å bestilla bokkassar. Bokkassane lagar me til etter ynskje frå bestillaren. Det kan vera etter tema (norske dyr, nynorsk for trinn, osv) eller bare bøker som passar for målgruppa.

Depot

Biblioteket kan bestilla framandspråklege depot. Då får me aktuelle språk og titlar, tilpassa den aktuelle gruppa. Både barn og vaksne nyttar dette tilbodet.

Ulike typar aktivitetar

Biblioteket skal vera ein arena der det er ulike tilbod innan formidling og kulturell aktivitet. Samarbeid mot barnehagane og skulane er sjølvsagt, men varierande. Enkelte aktivitetar prøver me å få til jamleg.

Litt om det som står på prioriteringslista vår:

Framsyningar tilpassa ulike aldersgrupper. Dei vert av og til plasserte ut i andre arenaer enn på sjølve biblioteket, alt etter kva framsyninga treng, og kor mange publikum er.

Når elevane kjem på besøk og får lånekort, er det også orientering om biblioteket. Dette er særleg aktuelt for 1.-4. klasse.

6.klasse:

”Store les for små”-kurs i forteljarteknikk og tips om litteratur til bruk for dei små, og for dei sjølv.

8.klasse:

Dei som ikkje har fått lånekort, får det, og det vert orientert om biblioteket om det er ynskjeleg. Alle er velkomne til å nytta biblioteket!