Fire emne i leseopplæringa

Rettleiingsmateriellet ”Lesing er”, som er utarbeidd av Lesesenteret, peikar på kva emne ein leseplan må omfatta. Desse emna tek utgangspunkt i at lesing er ein samansett aktivitet og skal vera ei grunnleggande ferdigheit i alle fag. Desse emna dannar ramma for leseplanane våre frå 1. – 10. klasse. For barnehagen sin del har me i planen for førebuande leseopplæring valt fire andre hovudemne

Å skapa engasjement og ambisjonar for lesing

Barnehage og skule må gi barn og elevar rike erfaringar med bøker og tekstar og skapa kultur for lesing. Ein må etablera gode vanar og leggja til rette for varierte leseaktivitetar som fremjar gode meistringsopplevingar for alle. Høgtlesing, ulike lesestimuleringsprosjekt, rik tilgang til bøker og andre tekstar, også digitale, kan vera gode tiltak for å skapa engasjement og motivasjon for lesing. Biblioteket og foreldre er også viktige medspelarar i dette arbeidet.

Å utvikla språkleg ferdigheit

Å bli språkleg bevisst, få eit godt ordforråd og kunna fortelja med samanheng ser ut til å vera spesielt viktige faktorar for å kunna utvikla god leseferdigheit. Eit godt munnleg språk gjer at elevane har større sjanse for å forstå det språklege mangfaldet dei møter i tekst. Samtidig blir det munnlege språket stimulert gjennom både å lesa og å skriva.

For å utvikla språkleg ferdigheit må borna og elevane få rikeleg erfaring med å:

a) Utvida ordforrådet.

b) Reflektera rundt språket si form, innhald og bruk.

c) Lytta til andre og kunna fortelja sjølv.

Dette er det særs viktig å leggja til rette for i førskulealder.

Å kunna koda om

Å ”knekkja” den alfabetiske koden vil seia å skjøna samanhengen mellom bokstavsymbol og språklyd. Elevane må også ”knekkja” sjølve lesekoden, og det vil seia å læra ulike måtar å lesa bokstavmønster på, slik at det skjer ordgjenkjenning. Etter kvart som elevane blir eldre og betre lesarar, handlar det ”å koda om” også om å lesa og forstå ulike sjangrar og å tilpassa lesemåte etter sjanger.

Å lesa med forståing og nytta denne kunnskapen i eiga læring

Som tidlegare nemnt er føremålet med å lesa at ein skal forstå slik at dei skal kunna nytta kunnskapen dei får gjennom lesinga. Dei må læra å lesa kritisk og strategisk slik at dei raskt kan vurdera korleis dei kan bruka teksten dei les. Å lesa strategisk er å bruka bevisste framgangsmåtar for å oppnå betre læring. Ein læringsstrategi handlar om ein bestemt måte/ metode å arbeida med ein tekst på. Det kan vera kjende strategiar eller det kan vera eleven sin eigen måte å arbeida med teksten på. Ved bruk av læringsstrategiar skal ein betre forstå teksten ein les. Ein må planleggja og klargjera seg for lesing, arbeida med, strukturera og omforma teksten og kontrollera og reflektera over eiga forståing. Altså vurdera eiga lesing.