Forord

Finnøy kommune sin leseplan er eit dokument som skal sikra at det vert arbeidd heilheitleg og systematisk med leseopplæringa, ikkje bare i norskfaget, men som ein integrert del i alle fag – det er praksis som tel! Målet er å minska forskjellane mellom det dei ulike lærarane legg vekt på i leseopplæringa, og sikra ei kvalitativ god leseopplæring.

Det var våren 2012 at kommunalsjefen for Oppvekst peika ut ei prosjektgruppe som skulle utarbeida ein slik plan. Denne gruppa var samansett av personar frå alle skulane og dei fleste barnehagane i kommunen fordelt på dei ulike fasane i leseopplæringa. Her var helsesøster med, barnehagepersonale, lærarar frå 1. – 4. trinn, 5. – 7. trinn og 8. – 10. trinn, samt bibliotekansvarleg i kommunen.

Det har vore fellessamlingar og dei ulike gruppene har hatt eigne møte gjennom året. Gruppene har også hatt drøftingar med sine aktuelle responsgrupper.

Planen er forankra i Rammeplan for barnehagar, Opplæringslova, Kunnskapsløftet og Læringssenteret sitt rettleiingsmateriell Lesing er.

Dette er som nemnt ikkje ein plan berre for norskfaget og norsklærarane. Alle lærarane, også dei av personalet i barnehagen som får ansvar for førebuande leseopplæring der, er leselærarar, og dei er alle forplikta på denne planen.

Lesing er grunnleggjande for anna læring, personleg utvikling og deltaking i samfunnet. Lesing dreier seg ikkje bare om teknikk og ferdigheit.

Tileigning av leseferdigheit skjer ofte gjennom gode opplevingar med litteratur og tekst. Det må derfor leggjast opp til gode leseopplevingar gjennom alle åra i grunnskulen. Lesegleda er i seg sjølv ein verdi å fremja, og bør stimulerast så tidleg som mulig.

Ein særs viktig part i barna si leseopplæring er heimen sin innsats. Derfor har gruppa parallelt med utarbeiding av denne planen også laga ei enkel brosjyre til heimane om kor viktig deira innsats er og tips til kva dei kan gjera.

Dette er som nemnt ein forpliktande plan, men det er ikkje ein statisk plan som skal gjelda for all framtid. Den må evaluerast kontinuerleg og endringsframlegg må meldast skuleetaten for å få ei samordna oppdatering av planen. Ny gjennomgang av heile planen må skje innan skuleåret 2016-17.

Planen må vera dynamisk også på den måten, at den utfordrar og krev refleksjon rundt eiga leseundervisning. Det må vera kultur og rom for jamleg vurdering av eige arbeid og elevane sin leseferdigheit, med oppfølging- både ved den einskilde barnehage eller skule og ved oppvekstetaten som organisasjon.

Skuleåret 2016/2017 vart denne planen revidert av ressursgruppa for språk. Vår vurdering er at «Plan for leseopplæringa i Finnøy Kommune» er ein grundig og god plan. Grunna endringar i samfunnet, treng likevel kapittelet «Minoritetsspråk i skule og barnehage» endrast. Den nye overskrifta der er «Inkluderande språkmiljø».

Den nye revideringa av planen blir ein digital utgåve ein kan finna på nettet. Den skal liggja på heimesidene til dei ulike einingane.