Leseplan 1. trinn

Emne

Innhald

Å skapa engasejement og ambisjonar for lesing

  • Systematisk leseopplæring
  • Læraren presenterer mange ulike bøker, skaper forventning til innhaldet og viser leseglede
  • Klassebibliotek der elevane kan låna og lesa bøker.
  • Høgtlesing og samtale om tekstar kvar dag.
  • Systematisk læring av nye ord og omgrep.
  • Etterkvart bruka småbøker for repetert lesing kvar veke
  • NB! På foreldremøta skal det informerast om lesing og forventningar til foreldre. Foreldre må få god rettleiing om lesing og leseutvikling.

Å utvikla språkleg ferdigheit

  • Språkleikar som omfattar rim, rytme, språklydar, ord og meiningsberande element.
  • Elevane øver seg på å fortelja og forklara med samanheng for å styrka det munnlege språket.
  • Førebu og samtale om tekstar som elevane les på skulen og heime.
  • Elevane skal ha leselekse kvar dag. Læraren høyrer og rettleier i lesing regelmessig, minst 2 gonger i veka. Det er eit ynskje at foreldra gjer dette heime kvar dag.
  • Bruka tekstskaping saman og enkeltvis

Å kunne koda om

  • I bokstavinnlæringa vel kvar skule rekkefølgje og progresjon, avhengig av elevgruppe.
  • Det skal leggjast vekt på syntetisk og analytisk metode i leseopplæringa, men også trena på heilordslesing.
  • Forstå samanhengen mellom bokstav og språklyd (grafem/ fonem).
  • Arbeida mot automatisering av bokstavkunnskap.
  • Gjera elevane kjend med kjenneteikn på eventyr, rim og regler.

Å lesa med forståing og bruka denne kunnskapen i eiga lesing og skriving

  • Nytta bildenotat og tankekart som læringsstrategi.
  • Nytta leseprogram på nettet med øving i leseforståing.
  • Samtala om innhaldet i tekstane ein har lese.
  • Svara på spørsmål frå fortalt/lest tekst.

Leseutvikling

  • Lærar brukar SOL-observasjonane kontinuerleg gjennom skuleåret, med minst ei «soling» kvart semester.