Kva kan heimen gjere for at barna kan bli gode leserar?

På denne sida kan du finna mange gode tips om korleis du som voksen kan hjelpa barnet ditt til å bli ein god lesar — ein lesar som er nysgjerrig, som lærer og forstår— heile tida.

Å kunna lesa godt heng saman med det å kunna forstå det ein les.

Å kunna forstå er ein føresetnad for å kunna læra noko nytt.

Å læra vil seia å setja det ein kan frå før av, saman med ny informasjon, for å kunna laga ny kunnskap.

Det er mange ting som gjer at barna blir flinke til å lesa. Me voksne kan fortelja eventyr, lesa for barna så ofte me kan, læra dei songar, skriva hugselappar saman om kva me skal handla i butikken, læra dei ord og uttrykk og fortelja kva ting heiter og betyr. Me voksne kan også visa barna at me sjølv likar å lesa, og treng å lesa.

Me treng ikkje setja oss alvorleg ned ved bordet og seia at ”nå skal me øva”. Kan me få det til, så er det så mykje meir motiverande og kjekt både for barnet og deg sjølv dersom ramma rundt lesinga vert hyggeleg, kjekk og spennande, t.d. ”kom, så skal me sjå om me finn noko spennande i boka i dag” o. l. Me kan snakka med barna og fortelja medan me lagar mat, går eller køyrer tur, eller når me har det hyggeleg heime. Når barna er større og det er lettare for dei sjølv å lesa, må me inspirera og hjelpa dei til å lesa mykje og ofte. Me vil at dei skal lesa og lesa og lesa…..

Korleis me får det til, skriv me litt om på denne sida. Lukke til med lesinga!

Helsing Leseplanprosjektgruppa på vegne av alle skulane og barnehagane i Finnøy

Dette kan voksne gjera

Alle foreldre ønskjer å støtta barna sine, slik at dei kan bli flinke til å lesa. Nokon lurer sikkert på kva dei kan gjera i heimen . Her er nokre råd - bruk dei som du synes passar for deg.

Dei yngre barna

Kos deg, du også!

Likar du å lesa? La barnet sjå at du les. Bøker, aviser, blad, fagbøker osv.

Fordi: Barnet forstår at bøker er fint. Barnet blir inspirert til å læra å lesa.

Fortel for barnet

Fortel historier du har høyrt eller opplevd, eventyr du kan, fortel frå då du var liten osv. Fortel det du synes er morosamt å fortelja. Bruk det språket du kan best.

Fordi: Barnet lærer korleis ei forteljing er sett saman. Dei lærer nye ord. Dei lærer å konsentrera seg. Dei lærer at forteljingar kan vera morosame, triste, spennande, rare…..

Les for barnet

Les forteljingar, eventyr og bøker om prinsesser og prinsar, troll, fotball, dinosaurar, planetar, steinar, geografi……. Barna vil ofte visa kva bøker dei likar, men det er fint at du les og viser fram noko som du synes er fint også.

Fordi: Barna forstår at det er mykje nytt og interessant i bøker. Dei får lyst til å læra å lesa.

Lydbøker er bra

Voksne kan sjølvsagt ikkje lesa for barna alltid. Det er mykje anna som skal gjerast. Ein kan nytta lydbøker, enten på CD, lesebrett eller anna digitalt utstyr, og får då bøkene lese av ein flink lesar. Det går an å låna lydbøker på biblioteket. Lydbøker er bra for barna.

Fordi: Dei får lyst til å lesa meir, og dei lærer nye ting. Kanskje vil dei lesa boka sjølv seinare ein gong.

Les saman med barnet

Når de les ei bok med bilde: Sit ved sida av kvarandre, slik at du og barnet ser i boka samtidig. Sjå utanpå boka og spør: Kva handlar denne boka om? La barnet fortelja og gjetta. Inni boka— spør: Kva skjer på dette bildet? La barnet fortelja og gjetta. Så les du teksten og spør: Var det slik me trudde? Kva trur du vil skje nå?

Fordi: Barnet har nytte av å gjetta kva tekstane skal handla om. Då blir dei meir opptekne av boka og av teksten. Dei lærer at bildet er ein del av ”teksten”. Det er lettare for barn å lesa ein tekst som passar til eit bilde. Når dei snakkar om bildet først, så vil dei forstå teksten betre. Dette kallar me ”veileda lesing”. Det betyr at voksne leiar barnet framover i teksten og i lesinga.

Bruk peikefingeren

Peik på orda mens du les. Barnet vil kanskje stoppa deg mens du les , og peika på bokstavar det kan, ”det er ein A” . Eller det kjenner igjen eit heilt ord. Viss dette blir morosamt, kan de finna fleire bokstavar som barnet kan, og lesa det ordet.

Fordi: Barna skal læra korleis tale blir til skrift og korleis skrift blir til tale. Då må dei kunna bokstavane. Dei må sjå korleis bokstavane blir til ord. Dei må finna lydane i språket.

Hugselappar og handlelister

Skriv gjerne hugselappar og handlelister saman med barnet, eller mens barnet ser at du gjer det. Når du har tid sjølvsagt.

Fordi: Det er eit døme på at skriving og lesing er nyttig i livet vårt .

Laga mat

Me treng ikkje så ofte ei kokebok når me skal laga mat til kvardags. Men viss du har ei, så ta den gjerne fram av og til.

Fordi: Barnet ser at det er mange slags bøker. Nokre viser oss korleis me lagar ting.

Leik med språket

Det er nyttig for barnet at de tullar og leikar med språket. Eit eksempel på leik er : ”Mitt skip er lasta med ord som byrjar på A..” eller ”…. med ord som rimer på HUS.. ”Mitt skip” kan også vera lasta med begrep som frukt, blomar, dyr, klede, land, ….osv.

Fordi: Barna må læra at språket er noko dei kan gjera noko med. Dei skal bli bevisste på språket som språk.

Det er skilnad på bokstav og språklyd

Viss barnet vil skriva LAM ( bæ, bæ, lille lam… ) sit det ofte og snakkar litt for seg sjølv: lllllaaaaaaaammmmmm - Kva kjem først? Me svarar då : lyden llll. Bokstaven heiter ell, men me skriv han slik: L l Me seier lyden mmm Bokstaven heiter em Me skriv han slik: M m osv…...

Fordi: Barna må læra å dela opp ordet dei seier. Ordet må delast opp i lydar. Så må barna finna bokstavane som høyrer til lydane. Då kan dei skriva. Når me les, må me gå frå bokstavane i ordet og finna lydane me seier, og så finna ut kva ord det er. (Språklyden er eit fonem. Bokstaven er eit grafem.) Dette er ikkje noko de foreldre skal arbeida systematisk med, for det er skulen si oppgåve, men me tenkjer det er greitt å ha litt bakgrunnskunnskap om det.

Spesielle språklydar i norsk språk: Det norske språket har ein del, i alle fall for barna, rare utfordringar. Språklyden J kan skrivast med bokstavane hj som i hjarta, gj som i gjerne og j som i jern. Det same gjeld språklyden å. Den kan skrivast med å som i så og kål, og den kan skrivast med o som i om og som.

Er boka for vanskeleg

Barn veit ofte kva dei sjølv klarer, men de kan også gjera ein enkel test. Velg ei side frå boka. Viss det der er 5 ord som barnet ikkje forstår, så er boka truleg for vanskeleg.

Fordi: Viss barna les ei bok som er for vanskeleg, seier dei som regel i frå om det. Men viss dei les for vanskelege bøker mange gonger vert det demotiverande. Barnet kjenner på nederlag og kan bli motlaus.

Ros og smil

Voksne skal fortelja barna kor flinke dei er— når dei les, når dei les litt betre, når dei skjønar eit nytt ord, osv. Barnet treng oppmuntring og ros!

Fordi: Dersom barnet skal bli flink til å lesa, må det lesa mykje. Det kan vera strevsamt, men barnet ynskjer jo å bli så flink til å lesa at det blir lett og kjekt. Difor er det så viktig med ros og oppmuntring i denne fasen. https://www.tanum.no/_dokumentar-og-fakta/helse-og-samliv/svangerskap/foreldrenes-abc-liv-engen-9788204155986

Vil du vita meir?

Det fins ei nyttig bok om dette tema som på ein enkel og grei måte fortel om det meste som er viktig for at barn skal bli gode lesarar. Boka gir råd om kva foreldre og andre omsorgspersonar kan gjera for å stimulera barna sin skrivelyst og leseglede. Boka heiter Foreldrenes ABC av Liv Engen

Dei litt eldre barna

Fortel om bøker

Når barna har begynt å lesa for seg sjølv, og synest at enkelte bøker er morosame eller spennande, er det viktig at dei får tilgang på fleire slike bøker, slik at me får dei til å lesa meir og meir…. Mange likar å lesa bøker som er del av ein serie. Då kjenner dei personane og miljøet og kjem fortare inn i handlinga.

Når me skal få dei til å lesa nye bøker som me trur dei vil lika, er det ofte lurt å hjelpa dei litt. ”Denne boka handlar om…… eg kan fortelja litt frå starten….” osv.

Det er fint om voksne også les for større skulebarn. Då kan dei få innblikk i bøker som dei kanskje aldri hadde funne sjølv, men som kan vera svært interessante for dei. Lydbøker kan også vera motiverande i denne alderen.

Barna/ungdommane bør få seg lånekort på biblioteket, både på Finnøy og i Stavanger. Desse biblioteka har eit større utval av bøker enn skulebiblioteket, og dei kan lettare skaffa dei bøkene som elevane har mest lyst til å lesa. Dei låner også ut lydbøker.

Skulebøker

Dei ulike faga har ulike bøker, nokre med mest forteljingsstoff og andre med mest fagstoff. Nokre bøker er illustrerte med mange bilder og teikningar, eller kanskje med figurar og diagram, alt avhengig av kva fag og klassesteg bøkene er sikta på.

For å lesa og forstå desse ulike bøkene best mogleg, må elevane nærma seg teksten på forskjellige måtar. Det er som å ha ulike slag verktøy eller strategiar. Me kallar det læringsstrategiar. På skulen lærer elevane ulike slike verktøy.

Foreldra vil få orientering om desse ulike verktøya gjennom t.d. foreldremøte. Nokre forslag til slike verktøy er skissert nedanfor. Det er fint om foreldra er merksame på desse verktøya når elevane arbeider med lærebøkene heime og oppmuntrar dei til å gjera bruk av dei.

Verktøy

Her er eit døme på eit slikt verktøy eller metode. Det er å spørje: ”Kva veit eg om dette før eg begynner å lesa?” Til dømes om hovudstaden vår, Oslo.

1) Det er lurt å snakka saman to og to. To elevar på skulen eller elev og voksen, eventuelt sysken, heime. Då hjelper dei kvarandre til å komma på kva dei veit frå før.

2) Så spør de: ”Kva får eg vita når eg ser på bilda, overskriftene og figurane i teksten?

3) Så kan eleven lesa teksten, som nå kanskje er lettare å lesa, og eleven vil truleg hugsa meir av det som blir lese. Det er bra om ein voksen kan vera saman med eleven som les.

4) Har me tid og høve til det, kan me vidare spørje: ”Kva var det som gjorde at du kan meir om dette nå enn før du begynte?” Slik kan elevane læra å læra. Dei får kunnskap om gode metodar som fører til læring.

Eit anna døme: B I S O N - oversyn

Når eleven skal lesa eit stykke i læreboka, er det lurt først å få eit oversyn over kva stykket handlar om. Som eit hjelpemiddel seier me at det er lurt å skaffa seg eit BISON — oversyn:

B: Sjå nøye på bildet og les teksten under bildet.

I: Les dei første linjene i teksten. Kanskje det er ei innleiing.

S: Les siste avsnitt. Kanskje det er eit samandrag.

O: Les overskriftene.

N: Er det nokre ord som er utheva? Nokre NB — ord?

Kva gjer gode lesarar?

• Gode lesarar brukar kva dei kan frå før av om eit emne, før dei startar opp å lesa.

• Gode lesarar prøver aktivt å få meining ut av det dei les.

• Gode lesarar snakkar med kvarandre om kva dei lærer.

• Gode lesarar veit korleis dei skal ta fatt på ein tekst for å få meining ut av han.

• Gode lesarar kan skriva om kva dei lærer.

• Gode lesarar forstår raskt kva forfattaren ynskjer å formidla.

• Gode lesarar kan organisera opplysningar på mange måtar for å læra.

• Gode lesarar lærer å forstå ved å kunna gjera det dei les om, i praksis.