Arbeid med språk i barnehagen

Mål :

  • Barnehagen skal gi barna ulike erfaringar og opplevingar som stimulerer til eit aktivt språkbruk i alle situasjonar.
  • Barnehagen skal gi barna reiskap som er nødvendig i leseopplæringa.

Tema

Innhald i barnehagen som skal fremja målet

Høgtlesing

  • Barnehagen skal ha bøker som er tilrettelagt barna sin alder og ståstad. Bøkene skal stå i barna si høgd, slik at barna får tak i dei.
  • Det skal vera bøker i ulike sjangrar, aviser, plakatar, data.
  • Lesinga skal vera både planlagt og spontan.
  • Den vaksne må lesa med engasjement og innleving, for å engasjera barna.
  • Den vaksne skal skapa rom for gode samtalar om innhaldet i boka.
  • Den vaksne skal leggja til rette for gjenforteljing.
  • IKT skal nyttas i ulike samanhengar.
  • Bruk konkretar.
  • Den vaksne skal lesa dialogisk

Musiske aktivitetar, rytme, bevegelse, lyd og formingsaktivitetar

  • Barna skal få ulike og varierte opplevingar av song, rim, regler, dikt og drama.
  • Barna skal få høve til å bruka seg sjølv og konkretar i dramatiseringa. Dramatiseringa kan vera ut frå bøker, songar, eventyr og forteljingar som dei har dikta sjølv.
  • Den vaksne er aktiv i dramatiseringa saman med barna.
  • Barna skal få uttrykka seg gjennom ulike formingsaktivitetar.
  • Barna skal få erfaring med dagleg bruk av språket, t.d. handleliste, oppskrifter, leikeskriving og liknande.
  • Barna skal ha tilgang på bokstavar og ordbilde

Den gode samtalen

  • Vaksne skal sjølv vera aktive forteljarar, og vera med å inspirera barna til å fortelja.
  • Den vaksne skal vera med å gi barna nye ord og begrep.
  • Dei vaksne lærer barn sosiale og språklege omgangsformer.
  • Gje voksenstøtte, vera ein tydeleg og klar vaksen og setja ord på det ein gjer og kva som skjer.
  • Den vaksne skal vera i interaksjon med barnet over litt tid, ikkje berre i korte, tilfeldige augneblinkar.
  • Vaksne må vera gode lyttarar og leva seg inn i den verda barnet skildrar.
  • “Å leika med språket”, vil stimulera barna si interesse og forståing for korleis språket er bygd opp.
  • Dei vaksne skal bruka eit barnetilpassa språk.
  • Dei vaksne i barnehagen skal vera språkkyndige, og gode språklege rollemodellar for barna.
  • Dei vaksne skal kunne helse på barnet, på barnet sitt morsmål.
  • Dei vaksne kan bruke aktivt ikonisk støtte, for å gje meining til orda for barna.

Leik. Utvikling av kommunikativ kompetanse.

  • Den vaksne skal sjå til at alle barna får vera med i leiken.
  • Delta i leiken for å sikra at alle barn får høve til å vera med. Ver obs på barn som alltid er hund eller baby o.l.
  • Den vaksne skal leggja forholda til rette for rolleleik slik at barnet får høve til å bruka sitt eige initiativ og trong til utforsking og eksperimentering.
  • Dei vaksne skal tilføre nye element i leiken.
  • Dei vaksne skal presentera regelleik saman med barna
  • Dei vaksne presenterer tema for barna, slik at dei har eit felles leketema å ta utgangspunkt i.
  • Ved bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal dette støtta opp om barna sine læreprosessar og bidra til å fylgja opp rammeplanen (RP2017)