Bli med på Memoarkonferansen 2026
Knut går på intervjutidspunktet på vidaregåande skule i Valdres. Han går på elfag, og han peikar på at dialektbruken ofte er meir utbreidd blant påbyggselevar enn blant elevar på allmennfag. Knut har budd i Valdres heile livet, utan å ha teke i bruk ein markert dialekt - fram til relativt nyleg, då han gjennom miljøet på påbygg i større grad tok dialekt i bruk.
I intervjuet gjer han fleire refleksjonar kring språkutvikling, særleg med tanke på påverknaden på ungdom og anglifiseringa av språket. Vidare deler han tankar om russetida, kunstnarisk uttrykk og forholdet mellom bygd og by. Refleksjonane kring russetida dominerer intervjuet, og Knut skal sjølv vere russ i intervjuåret 2026. Skriftspråk vert i mindre grad tematisert, då forteljaren har dysleksi, fritak i sidemål og nyttar bokmål som hovudmål.
0:00:00 – Om forteljaren
0:01:14 – Faren sitt talemål
0:02:12 – Forteljaren si tilnærming til talemål
0:04:15 – Å ha dialekten «i blodet», utan å bruke henne aktivt
0:05:03 – Dialektbruk på vidaregåande – yrkesfag
0:06:33 – Bymål på vidaregåande – allmennfag
0:08:48 – Skilnad mellom talemål på skule og fritid
0:10:45 – Anglifisering
0:13:40 – Kva skal til for å styre språkutviklinga?
0:15:15 – Bygdestoltheit og tradisjonsdyrking
0:19:18 – Å skilje seg ut gjennom kunsten
0:22:20 – Enklare med «det tullete» enn det autentiske?
0:28:25 – Tilbakekomsten – dyrking av det gamle og særeigne
0:29:28 – Knut si «russetese» i høve til dialekt og bygdekultur
0:34:58 – Raudruss og svartruss, kjønnsdelte bussar
0:39:23 – Russetida som bakgrunn for språkutvikling
0:40:24 – Var russetida «betre» før?
0:43:10 – Skriftspråk
0:48:19 – Tankar kring skulerøysting og målstrid – «det gir vi elevane blaffen i»
0:52:44 – Draumen om å bu i Valdres
0:54:36 – Yrkesfagelevar blir verande i bygda, allmennfagelevar flyttar
0:56:08 – «Korleis ser Valdres ut om 40 år?» – og Noreg
0:59:39 – Forteljaren sine eigne refleksjonar
1:01:34 – Litteratur og lesing