Jens tennfjord

Jens K. Tennfjord 30.07.1919 –

Jens Karl Tennfjord er sonen til Karen Anna og Johan Tennfjord, og var den yngste av 5 søsken, tre gutar og to jenter. Onkelen Petter og faren Johan hadde starta Tennfjord mek. Verkstad i 1894, og denne bedrifta vart tomlestaden for dei små gutane, og seinare levevegen for dei.

Brødrene Knut Haar og Johan Karsten gjekk begge på teknisk skule etter endt læretid ved bedrifta. Knut Haar i Trondheim, og Johan Karsten i Gøteborg. Jens Karl hadde også andre interesser, og såg behovet for betre kontroll med økonomien i bedrifta gjennom eit betre rekneskapsystem. Faren Johan var flink på alle måter, men mykje av kunnskapen sat i hovudet hans, og dette ville Jens gjera noko med. Jens K. tok difor utdanning ved Volda Handelsgymnasium, for å tilegna seg den kunnskapen som var nødvendig.

Å vera merkantil i ei familie av superingeniører var ikkje enkelt, og det enda med at Jens K. også tok utdanning som ingeniør ved Gøteborgs Tekniska institut. Bedrifta utvikla seg fort og godt, og vart ein verdfull leverandør til landbasert industri så vel som innan det maritime, som på sikt vart berebjelken i bedrifta. Jens K. var den fyrste styreformannen i AS Tennfjord Mekaniske Verkstad, då bedrifta var omdanna til aksjeselskap med dei tre brødrene som likeverdige eigarar. Alle brødrene held fram i sine opprinnelege felt, med Knut som verksmester, Johan som driftsingeniør og Jens K. som disponent.

Jens hadde ei hovudinteresse utan om jobben, og det var arbeidet innan Rotary, der han vart heidra med Paul Harris Fellow-ship utmerking. Ein gjer vel ingen urett, når ein hevder at, i tillegg til familia, vart bedrifta hans liv.