Palmar Bjornoy

Palmar («Palmer») Olavson Bjørnøy 12. 12 1918 - 30. 11 1996

Palmar («Palmer») Olavson Bjørnøy var fødd på Gamlem, og var ein norsk maskinist, motstandsmann og forretningsmann. Han er mest kjent som medlem av Shetlandsgjengen. Bjørnøy ble tildelt Krigskorset, Norges høgste utmerking, for sin innsats under den andre verdskrig.

Andre verdskrig

Etter krigsutbrotet i 1940 forlèt Bjørnøy Norge ombord på MK «Statthav» den 7. april 1941 og ankom Tórshavn på Færøyene den 12. april. Bjørnøy meldte seg som maskinist på overfarten. Etter å ha reist videre til Storbritannia vart han medlem av Shetlandsgjengen.

Bjørnøy var maskinist, først på fiskeskøytene Shetlandsgjengen nytta, frå våren 1943 på dei moderne ubåtjagarane Sjøforsvaret da overtok. Med 54 turar over Nordsjøen, var Bjørnøy den blant Shetlandsgjengen som deltok i flest overfartar mellom Norge og Storbritannia.

To gonger forliste fiskeskøytene Bjørnøy var maskinist på, og mannskapet måtte ein gong stele ei ny fiskeskøyte, og rømme tilbake via Sverige etter det mislykka forsøket på å senke Tirpitz under Operasjon Title.

Han er beskriven som «Shetlands-Larsen si høgre hand». Palmar Bjørnøy hadde grad som kvartermester.

Etter krigen

Bjørnøy var tilknytta Sjøforsvaret til 1949. Etter at han gjekk ut av teneste starta han i 1951 industribedrifta Pyro på heimstaden Gamlem i Haram på Sunnmøre. Virksomheita produserte først bysseovner og bysser, seinare også sentralkjeler til oppvarming av skip. I filmen «Shetlandsgjengen» (1954) spelte han seg sjølv.

Utmerkinger

Dekksmann Bjørnøy vart i statsråd 26. mars 1943 tildelt Krigskorset med sverd for «leiareigenskaper, stort mot og besluttsomheit» under operasjoner på Norskekysten høsten 1942. Diplomet vart vedteke påført: «For fremragande personleg krigsinnsats for Norges sak.» Tildelinga til dekksmann Bjørnøy var første gang Krigskorset med sverd vart tildelt eit menig mannskap i det norske forsvar.

Bjørnøy mottok også ei rekke andre utmerkingar for sin innsats under andre verdskrig. Han vart tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren og Krigsmedaljen. Av britane vart han dekorert med Distinguished Service Cross, Distinguished Service Medal og King's Medal for Courage in the Cause of Freedom.