Eit immaterielt kulturminne er skapt!
Torleif Reksten har levd eit rikt og spennande liv. I dette intervjuet fortel han om barndom og oppvekst på øya Reksta utanfor Florø i Kinn kommune, der han var fødd under andre verdskrig. Han vaks opp på gard og minnast tida han gjekk med fjøstlykt i mørke for å mjølke kyrne. Som born måtte dei tidleg vere med å hjelpe til, og spesielt på sommarstid var det travelt med slått og hesjing.
I intervjuet får du også høyre fleire ord og dialekt ord knytt til gard- og setersdrift som er frammande for seinare generasjonar. “Vandel” er gjerne ikkje det du trur når dei snakker om “vandel” på Reksta.
Torleif gjekk på lærarskule og har jobba i Fredskorpset der han jobba fleire år som lærar i Uganda. Han etablerte seg med familien sin i Florø med utsikt til barndomsøya Reksta. I Florø var han med å bygge opp testsystem for nynorsk som andrespråk. Han er aktivt medlem av Amnesty International, og engasjert i Kinnaspelet i 40 år og har vore guide på øya Kinn i mange år. Mot slutten av intervjuet deler han ein interessant teori om Kinn si tilknytting til keltisk kristendom.
Meir om Kinn som heilag stad for keltiske munkar kan du lese i denne artikkelen skriven av Torleif Reksten i Kinn kyrkjeblad: https://www.kinnakyrkja.no/kinn-i-keltisk-kristendom/