Kodeutstyr

til ungdomstrinnet

Utstyr som er tilpassa elevar på ungdomsskulen. Kan òg nyttast på mellomtrinnet. Sogndalsskulen har to boksar som rullerast mellom skulane. Oversikt over utstyret finn du under.

Micro:bit med tilbehørspakke

Passar best for 5. klasse og oppover

Ein minidatamaskin som er "tom", med mange ulike sensorar. Denne kan elevar frå ca 5. klasse og oppover programmere til å gjere mange ulike oppgåver. Den programmerast enkelt i nettlesar på denne lenkja. Trykk på "go to makecode editor". Mykje av sida er omsett til norsk. Sjekk og ut "underivsningsopplegg" på sida her for enkle nybyrjaropplegg.

I kodeboksen er det 20 stk. micro:bit.

Føljande tilbehør følgjer med:

Bit:bot

Passar best for 5. klasse og oppover

Ein liten bil som du koplar micro:biten til. Programmer den til å gjere ulike oppgåver, eller fjernstyr den i engasjerande konkurranser med elevane. Sjekk ut denne lenkja for ein liten introduksjon.

I kodeboksen er det 10 stk. Bit:bot.

Føljande tilbehør følgjer med:

Arduino startkit uno

Høver for elevar som har kjennskap til programmering og ynskjer utfordringar.

Arduino Official Starter Kit er ein startpakke frå Arduino som inneheld alt du treng for å komma i gang med Arduino. Pakken inneheld introduksjonsbok på 170 sider (på Engelsk) med 15 prosjekt (sjå nedanfor) som lærer deg det grunnleggande innan elektronikk og programmering med Arduino.

I kodeboksen er det 2 stk. Arduino startkit frå Kitronik.

Sjekk ut kva du kan nytte Arduino til.

På nettsida til Kitronik finn du 10 eksperiment du kan utføre (som i instruksjonsboka).

Lego Spike Prime

Settet passar best for mellom- og ungdomstrinnet.

LEGO Education SPIKE Prime kombinerar LEGO klossar, Scratch eller Python programmeringsspråk, og gjer at ein enkelt kan nå måla i den nye fagplanen. Her kan ein finne fram gamle legoklossar i skuffer og skåp og kombinere med programmeringssettet. Kanskje kan ein lage ei miniatyrutgåve av Sogndal kommune? Eller eit nytt forslag til korleis ein kan nytte robotteknologi til å modernisere miljøstasjonane eller ei av bedriftene i området? Berre fantasien set som kjent grensene.

Kombiner LEGO klossar og koding på ein lærerrik og artig måte!

Eit sett er berekna på 2 elevar, men fleire kan òg samarbeide.

Me har 30 boksar til utlån.

Trykk her for å låne utstyret.