First Lego League har som mål å inspirere born og unge i alderen 10-16 år til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar. Frist Lego League har ein arbeidsperiode på åtte veker, men det er heilt opp til kvar skule/klasse/lag kor mykje tid ein vil bruka. I løpet av arbeidsperioden vil deltakarane oppleva utforskartrong og skaparglede, sette eigne idear ut i livet, og lære seg å programmera ein sjølvbygd robotbil av Lego. Etter dei åtte vekene møtes laga til ein konkurranse om ulike prisar, regional finale i Sogn. Det viktigaste er ikkje å vinna, men å læra og ha det kjekt!
Førre skuleår deltok klassar frå alle dei fire ungdomsskulane i kommunen på Lego league challenge (10-16 år). Dette skuleåret 2024-2025 oppmodar me både mellomtrinn og ungdomstrinn til å delta.
Årets tema er: SUBMERGED, og det handlar om livet under vassflata. Meir spissa informasjon om sjølve oppdraget, vert offentleggjort laurdag 14. september.
Rettleiaropplæring vert 12. september. Då kjem representantar frå First Lego League Skandinavia til Sogn. Her vil alle rettleiarar få gratis opplæring og informasjon, tips og triks til årets oppdrag.
Regional finale er fastsett til laurdag 9. november i Årdal kulturhus.
På denne heimesida finn du all informasjon du treng om utfordringa. Sjekk ut og meld på klassen din!
Påmeldingsavgift og challengesett vert sponsa, så det er gratis å delta.
Viktige datoar 2024:
Rettleiar-opplæring 12. september
Offisiell kickoff 14. september med oppstart i veke 38 for elevane.
Regional finale i Sogn: 9. November
Skandinavisk finale 30. november
Kontakt ped.IKT-rådgivar/rektor før du melder på lag, så vert det ordna med ustyrsboksar til klassen. Me samarbeidar med Sogn opplæringskontor om deltaking og regional finale.
"Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong" (Læreplanen, overordnet del).
I FIRST® LEGO® League får elevane moglegheit til å forske på samfunnsaktuelle tema, definere ei eigenvalt problemstilling, og finne ei innovativ løysing på problemet sitt/utfordringa si.
Elevane får kjennskap til, og erfaring med programmering og teknologi som bidreg til å gjere dei rusta til å møte den digitale og høgteknologiske verda utanfor skulen.
Ein arbeidar som lag, og det er verdifullt for barn/ungdom å oppleve verdien av og utfordringane ein har i eit samarbeid. Fokuset på kjerneverdiane er heilt sentrale i arbeidet, og gjev gode og konkrete skildringar av samarbeid, inkludering, påkjenningar, respekt m.m.
Mange rettleiarar (lærarar) opplever at klassemiljøet får eit løft når dei er med på konkurransen, og at det igjen påvirkar det generelle læringsmiljøet på ein positiv måte.
FIRST LEGO League tilretteleggjer for utforskende læring og gjev:
Relevante oppdrag med samfunnsaktuelle tema
Oppmuntrar til nysgjerrigheit, refleksjon og utforskning
Bidrar til djupnelæring, og kopling av teori og praksis
Verdibasert og utforskande arbeidsmåte, som styrkar samhaldet og gjev lagkjensle
Kunnskap om og praktisk tilnærming til programmering
Gode føresetnadar for tilpassa opplæring og mestringskjensle for alle
Moglegheit til å oppnå ei rekke kompetansemål i mange fag - FLL er ein del av læreplanen, ikke eit tillegg til!
Gjennom å delta i FLL, får elevane førstehåndserfaring med:
Folkehelse og livsmestring som fremmast av sosial læring i medgang og motgang gjennom arbeidsperioden. Gode læringsopplevingar og påvirkning på eiga læring motiverar og gjer elevane meir uthaldande og sjølvstendige
I berekraftig utvikling står teknologisk kompetanse sentralt og samarbeid inspirerar til innovasjon og entreprenørskap
Elevane får oppleve demokrati og medborgerskap med eigarskap til eige prosjekt og innflytelse over eigne og andre sin arbeidskvardag.