Kodeutstyr

til barnetrinnet


Utstyr som er tilpassa dei eldste i barnehagen og dei yngste på skulen. Sogndalsskulen har to boksar som rullerast mellom skulane. Barnehagar som ynskjer å låne kan kontakte pedIKT rådgivar for å avtale utlån.

Bluebot

Enkel innføring i programmering for dei yngste elevane på skulen og barnehageborn. Programmer musa til å bevege seg i løyper og labyrintar.

I kvar boks følgjer det med 6 stk. med ladestasjon.

I pakken følgjer det med tre forskjellige matter. Trykk her for å sjå informasjon om mattene.

Robotmus

Enkel innføring i programmering for dei yngste elevane. Naviger robotmusa gjennom ulike hinder og labyrintar.

I kvar boks følgjer det med 1 robotmus med tihøyrande utstyr.

Dash and Dot

Dast and Dot er ein moduler robot med ei rekke utvidingar som ein lett kan feste på og ta av. Høver seg godt til problemløysingsarbeide. Følgjer med utstyr til å nytte i musikkundervisinga. Høver for barn ned i førskulealder. Kan nyttast til å:

  • Verte kjent med programmering

  • Lære å omgjere instruksjonar til handling

  • Få praktisk erfaring i å kode med symbol og blokker

  • Erfare kor naudsynt det er å vere presis innan koding

  • Erfare korleis feilsøking vert gjort for å finne feil i koden

  • Jobbe med prøving og feiling

  • Kommunikasjon og samarbeid

I kvar boks følgjer det med 1 Dash & dot.

Aktiv programmering

Å programmere med kroppen er ein flott måte å introdusere programmering på. Dette spelet gjev barna ei innføring i programmering kombinert med aktivitet, utan elektronikk. Desse aktivitetane legg opp til samarbeid, grovmotorikk, problemløysing og sekvenstrening. Spelet inneheld 20 kvadratiske teppebiter (23x23 cm), 20 dobbeltsidige programmeringskort og tilbehør.

I kvar boks følgjer det med 1 stk. spel.

Lego Spike Essential

Nytt programmeringskonsept for småtrinnet!

Med SPIKE Essential får elevane jobbe i små grupper med dei ulike leksjonane, som er basert på kjente tema. Det er laga praktiske tilhøyrande oppgåver som er utvikla slik at elevane skal få auka både lese- og skrivedugleikane sine, matematiske dugleikar og evne til samarbeid og kommunikasjon.

SPIKE Essential kombinerar ikon- og blokkoding i Scratch med enkel maskinvare. Med løysninga følgjer det med ein intelligent programmerbar hub, motor, ei lys-matrise og ein fargesensor, for å gje liv til dei ulike modellane som skal byggast og programmerast.

Eit sett er berekna på 2 elevar, men fleire kan òg samarbeide.

Me har 20 boksar til utlån.

Lån det via denne sida.

Sphero-bolt

Passar best for 1. - 5. klasse

Sphero bolt er ein liten ball som kan programmeres til å rulle i ulike retningar. Lærerrikt og motiverande for elevar i 1. - 5. klasse. Sjå gjerne under fanen "undervisningsopplegg" på sida her for enkle opplegg.

I Sphero-bolt kofferten er det eit klassesett, 15 stk. med tilhøyrande ladar.

Lån det via denne sida.