Programmering i Sogndalsskulen

Kvifor programmere?

I 2020 kom den nye læreplanen, LK20, og med den fekk programmering ein tydelegare plass i skulen.

Stikk i strid med det mange trur: Programmering er ikkje berre for at elevane skal læra seg "kodespråk", styre og lage maskiner. Ferdigheitene og den algoritmiske tenkinga dei lærer seg ved å programmere kan overførast til kvardagen.

Elevane trenar på problemløysing og evna til å stå i ein vanske over tid. Det er rom for kreative måtar å løyse utfordringar , som stimulerer til skaparglede, sjølvtillit og vilje.

Programmering gjer elevane nyfikne på å prøve ut idear og løyse oppgåver. Det styrkar dei eksekutive dugleikane innan planlegging og konsentrasjon.

Samarbeid er ein viktig del av programmeringa, og med rett tilrettelegging kan programmering fungere for alle. Programmering gir skaparglede og fungerer som ein inkluderande og utforskande læringsaktivitet.

Sjekk ut videoane om programmering under, og ikkje minst bildegalleriet frå Sogndalsskulen.

GALLERI FRÅ SOGNDALSSKULEN