Ei lita, programmerbar datamaskin med mange ulike sensorar. Denne kan elevar frå femte klasse og oppover programmere til å gjere mange ulike oppgåver. Microbiten programmerast enkelt i nettlesar via denne lenkja. Trykk på "go to makecode editor". Mykje av sida er omsett til norsk. Sjekk òg ut enkle undervisningsopplegg å komme i gong med på denne sida.
I kodeboksen er det 20 stk. micro:bit.
Føljande tilbehør følgjer med:
Kitronik Inventor's Kit inneheld 10 morsomme og praktiske prosjekt med ei fin læringskurve, som introduserer elevane for programmering med BBC micro:bit og elektronikk. Pakken inneheld alt utstyr du trenger for å gjere dei 10 prosjekta som medfølger.
På nettsida til Kitronik finn du 10 eksperiment du kan utføre (som i instruksjonsboka).
Ein liten bil som du koplar micro:biten til. Programmer den til å gjere ulike oppgåver, eller fjernstyr den i engasjerande konkurranser med elevane. Sjekk ut denne lenkja for ein liten introduksjon.
I kodeboksen er det 10 stk. Bit:bot.
Føljande tilbehør følgjer med:
Strawbees er eit prisbelønna konstruksjonssystem/byggesett. Høver for alle aldrar, særleg elevar på mellomtrinnet. Med Strawbees kan du kople sugerøyr saman og bygge konstruksjonar, som kan programmerast med micro:bit. Du kan bygge både små og store mekaniske gjenstander i 3D. Materialet er lett og kan bøygast og vris. Modellen kan heile tida forbedrast og forsterkast for å finne den ultimate modellen. Strawbees blandar innovasjon, kreativitet og design. Elevane nyttar fantasien til å lage eksperimentelle kreasjonar.
Sjekk ut nettsida Strawbees Learning for rettleiingar og tips til ulike aktivitetar tilpassa forskjellige klassetrinn.
Kvart sett inneheld ca. 4200 delar, blant anna mange sugerøyr, i tillegg til 100 utfordringskort, to plakatar og byggemateriale.
Settet passar best for mellom- og ungdomstrinnet.
LEGO Education SPIKE Prime kombinerar Lego klossar, Scratch eller Python programmeringsspråk, og gjer at ein enkelt kan nå måla i den nye fagplanen. Her kan ein finne fram gamle legoklossar i skuffer og skåp og kombinere med programmeringssettet. Kanskje kan ein lage ei miniatyrutgåve av Sogndal kommune? Eller eit nytt forslag til korleis ein kan nytte robotteknologi til å modernisere miljøstasjonane eller ei av bedriftene i området? Berre fantasien set som kjent grensene.
Kombiner LEGO klossar og koding på ein lærerrik og artig måte!
Eit sett er berekna på 2 elevar, men fleire kan òg samarbeide.
Me har 30 boksar til utlån.
Passar best for 1. - 5. klasse
Sphero bolt er ein liten ball som kan programmeres til å rulle i ulike retningar. Lærerrikt og motiverande for elevar i 1. - 5. klasse. Sjå gjerne under fanen "undervisningsopplegg" på sida her for enkle opplegg.
I Sphero-bolt kofferten er det eit klassesett, 15 stk. med tilhøyrande ladar.
Ved utlån og innlevering av utstyret er det viktig at de tel over og sjekkar at boksane er sortert korrekt som vist på bileta over, slik at dei som skal låne utstyret etter dykk kan få glede av det òg. Feil/manglar melder de til brukarstøtte: hjelp@sogndal.kommune.no.
Ved utlån og innlevering av utstyret er det viktig at de tel over og sjekkar at boksane er sortert korrekt som vist på bileta over, slik at dei som skal låne utstyret etter dykk kan få glede av det òg. Feil/manglar melder de til brukarstøtte: hjelp@sogndal.kommune.no.