Passar best for 5. klasse og oppover
Ein minidatamaskin som er "tom", med mange ulike sensorar. Denne kan elevar frå ca 5. klasse og oppover programmere til å gjere mange ulike oppgåver. Den programmerast enkelt i nettlesar på denne lenkja. Trykk på "go to makecode editor". Mykje av sida er omsett til norsk. Sjekk og ut "underivsningsopplegg" på sida her for enkle nybyrjaropplegg.
I kodeboksen er det 20 stk. micro:bit.
Føljande tilbehør følgjer med:
Passar best for 5. klasse og oppover
Ein liten bil som du koplar micro:biten til. Programmer den til å gjere ulike oppgåver, eller fjernstyr den i engasjerande konkurranser med elevane. Sjekk ut denne lenkja for ein liten introduksjon.
I kodeboksen er det 10 stk. Bit:bot.
Føljande tilbehør følgjer med:
Høver for elevar som har kjennskap til programmering og ynskjer utfordringar.
Arduino Official Starter Kit er ein startpakke frå Arduino som inneheld alt du treng for å komma i gang med Arduino. Pakken inneheld introduksjonsbok på 170 sider (på Engelsk) med 15 prosjekt (sjå nedanfor) som lærer deg det grunnleggande innan elektronikk og programmering med Arduino.
I kodeboksen er det 2 stk. Arduino startkit frå Kitronik.
Sjekk ut kva du kan nytte Arduino til.
På nettsida til Kitronik finn du 10 eksperiment du kan utføre (som i instruksjonsboka).
Settet passar best for mellom- og ungdomstrinnet.
LEGO Education SPIKE Prime kombinerar LEGO klossar, Scratch eller Python programmeringsspråk, og gjer at ein enkelt kan nå måla i den nye fagplanen. Her kan ein finne fram gamle legoklossar i skuffer og skåp og kombinere med programmeringssettet. Kanskje kan ein lage ei miniatyrutgåve av Sogndal kommune? Eller eit nytt forslag til korleis ein kan nytte robotteknologi til å modernisere miljøstasjonane eller ei av bedriftene i området? Berre fantasien set som kjent grensene.
Kombiner LEGO klossar og koding på ein lærerrik og artig måte!
Eit sett er berekna på 2 elevar, men fleire kan òg samarbeide.
Me har 30 boksar til utlån.
Ved utlån og innlevering av utstyret er det viktig at de tel over og sjekkar at boksane er sortert korrekt som vist på bileta over, slik at dei som skal låne utstyret etter dykk kan få glede av det òg. Feil/manglar melder de til brukarstøtte: hjelp@sogndal.kommune.no.
Ved utlån og innlevering av utstyret er det viktig at de tel over og sjekkar at boksane er sortert korrekt som vist på bileta over, slik at dei som skal låne utstyret etter dykk kan få glede av det òg. Feil/manglar melder de til brukarstøtte: hjelp@sogndal.kommune.no.