Dette valfaget handlar om kva det inneber å ferdast trygt i trafikken. Faget skal bidra til å oppnå nullvisjonen, ein visjon om at ingen skal døy eller bli hardt skadde i trafikken. Måten dette oppnås på, er at ein forstår at som trafikant har ein ansvar for eigne val og vurderingar i trafikken.
Faget er eit ganske teoretisk valfag, med innslag av ulike aktivitetar. Du må vere førebudd på å gå ut for å observere trafikken, samt delta på ekskursjonar utanfor skulen.
Trafikalt grunnkurs (utanom mørkekøyring) er ein del av valfaget, og for å bestå dette kreves det 80% tilsted, og 100% tilstedeværelse når vi skal ha førstehjelp. Dette er lurt å ta i betraktning før ein velger dette valfaget.