Fordjuping i engelsk er eit sentralt fag for å gi elevane eit verkty for å kommunisere og samhandle gjennom digitale medium og teknologi. Elevane skal få utforske og vidareutvikle si språkkompetanse ved å trekke inn eigne interesseområde frå både den virtuelle og den verkelege verda.
Faget skal gjere elevane i stand til å reflektere over variasjon i språk, tankesett og kommunikasjonsmønster som dei møter i det virtuelle og det verkelege samfunnet.
Faget skal førebu elevane på eit arbeidsliv som stiller krav om engelskspråkleg digital kompetanse og variert språkleg kommunikasjon.