Dette faget skal bidra til å auke medvitna rundt dugnad, frivillig arbeid og sosialt entreprenørskap. Samtidig skal valfaget gi elevane høve til å bidra med noko positivt i samfunnet og glede andre.
Elevane styrer mykje av innhaldet i timane sjølve, og faget krev difor stor grad av sjølvstende. Som elev i faget bør ein i tillegg være ein inkluderande person som er flink til å ta initiativ, og ein som ønskjer å utgjere ein liten skilnad for andre menneske.