Fysisk aktivitet og helse er eit tredelt valfag, som består av fysisk aktivitet inne og ute, tilberedning av enkle og sunne måltid og teori. I dette faget skal du øve på å gjennomføre varierte bevegelsesaktivitetar åleine og saman med andre, både ute og inne.
Teoridelen av faget lærer deg korleis fysisk aktivitet og kosthald kan bidra til god fysisk og psykisk helse. Nokre økter føregår på kjøkkenet, der du lærer korleis ein kan tilberede enkle og helsefremjande måltid.
Om du velger dette valfaget, er det svært viktig at du kan delta i dei fysiske øktene, uansett kva som føregår på fritida. Du må ha med deg naudsynt utstyr, og vere positiv til alle aktivitetar.
Det forventast også deltakelse frå alle som har valfaget, også frå dei som trenar mykje på fritida. Det er derfor lurt å vurdere totalbelastninga før du velger dette valfaget.