I dette faget lærer du korleis du kan bruke naturen på ein berekraftig og omsynsfull måte, samt evna til å ta vare på deg sjølv og andre. I løpet av året vil det bli både dagsturar og overnattingsturar ute, til ulike årstider.
Om ein vel friluftsliv, bør ein vere ein person som likar å tilbringe tid ute i naturen, som trivst med å vere i fysisk aktivitet, og som har lyst til å utfordre seg sjølv.
Lengre turar med sekk og anna utstyr, gå- og sykkelturar samt opplevingar tett på naturen er noko som kjem med i dette valfaget.