Dette er eit fag der du får brukt dine kreative evner innan kunst og handverk, samtidig som du lærer noko om korleis berekraftige produkt blir skapte. Du vil ofte vere med på å utvikle oppgåver ut frå interessene i gruppa, men nokre oppgåver vil også vere meir lærarstyrt.
Undervegs utviklar du idear, lagar skisser og kjem med ulike løysingsalternativ og viser dette i arbeidstegningar før du går i gang. I faget tek du i bruk ulike verktøy og teknikkar som passar til oppgåvene som er valde.
Faget er spennande og utviklande for kreative evner på mange område, og passar for deg som klør i fingrane etter å skape noko, enten frå noko gamalt eller noko heilt nytt