Dette er valfaget for deg som liker å jobbe med hendene. I dette valfaget får du moglegheit til å prøve deg på arbeid med treverk, metall og mekanikk.
Praktisk handverksfag bruker mange maskiner og mykje utstyr som liknar det du vil møte ute i arbeidslivet, og er difor eit fag som er lurt å velge om du ønsker å gå vidare innan dette området etter ungdomsskulen.
Velger du dette faget, må du vere glad i handverk, både med metall og tre, og ikkje vere redd for å bli skiten på fingrane.
Du bør ha ein god innstilling til arbeid, kunne jobbe sjølvstendig, og vere fokusert på tryggleik og korleis ein bruker utstyr på rett måte.