Viktig å lese om du tenker å gå på eit studieførebuande utdanningsprogram på VGS
Dersom du ikkje har fullført framandspråk på ungdomsskulen og ønskjer å gå på eitt av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma på vidaregåande skule, må du ha framandspråk i alle tre åra på vidaregåande skule.
Dette inneber at fellesfaget framandspråk erstatter eitt av dei tre programfaga i VG3. Det vil seie at du då berre kan velge to programfag på VG3. Dersom du har fullført framandspråk på ungdomsskulen, vil du ha framandspråk i to år på vidaregåande skule, og du vil då ha tre programfag på VG3.
Dersom du ønskjer å gå på eitt av dei ti yrkesfaglege utdanningsprogramma, har du ikkje framandsspråk på vidaregåande skule.