Antakingar om pedagogiske fenomen som kroppsleg læring kan vi altså sjå på som teori. Det er noko alle har med seg når ein arbeider med omgrep frå læreplanen. Tenk t.d. over kva for antakingar du har om bevegelsesglede, innsats, føresetnadar, livsmeistring osv.
Nokre gonger er desse antakingane tatt for gitt (vi er ikkje klar over dei og dei påverkar oss difor 'bak ryggen på oss'). Det er først når vi gjer dei tydelege for oss at vi kan vurdere om dei er konsistente og basert på eit fornuftig grunnlag eller om vi bør revurdere våre oppfatningar.
Dei før-forståingane og antakingane du har om læreplanbegrepa er altså avgjerande for korleis undervisninga di blir planlagt og gjennomført, uansett om du er klar over desse før-forståingane og antakingane eller ikkje.
Refleksjonsoppgåve: Når vi diskuterer innhaldet i kroppsøving - kva snakkar vi om då? Gi fem eksempel på innhald før du går vidare til neste oppgåve.