Det du har jobba med no er å få fram dine før-forståingar av kva kroppsleg læring er, saman med nokre antakingar om kva som ligg i omgrepet. Det er med andre ord eit forsøk på å tolke kroppsleg læring. I den neste videoen ser vi på kva for tyding slike før-forståingar, antakingar og tolkingar har for det å utøve læraryrket, med eit spesifikt blikk på kroppsleg læring:
Refleksjonsspørsmål: Kva fekk du ut av skillet mellom kroppsleg læring som i) læreplanbegrep; ii) teoretisk begrep; og iii) didaktisk grep?
Tenk også på om - og eventuelt korleis - denne tolkingsprosessen kan brukast på andre begrep som blir brukt i læreplanen, slik som t.d. idrettsaktivitet eller bevegelsesglede: Kva er dine antakingar om kva hhv idrettsaktivitet og bevegelsesglede er?
Referanse:
Johannessen, L. E. F., Rafoss, T. W., & Rasmussen, E. B. (2018). Hvordan bruke teori? Nyttige verktøy i kvalitativ analyse. Universitetsforlaget.