Digital undervisningsressurs om kroppsleg læring

Kroppsleg læring er uklart definert i teksten om kjernelement kroppsleg læring og bevegelse i læreplanverket. Eller ein kan seie at omgrepet kroppsleg læring er opent for tolking. Det medfører at du som (framtidig) lærar bør ha eit gjennomtenkt forhold til kva kroppsleg læring kan bety. Dette kurset er laga for eit slikt føremål.

**Målsettingar med kurset:**

- du kan gjere greie for kva som ligg i omgrepet kroppsleg læring

- du har kunnskap om kroppsleg læring i eit didaktisk perspektiv 

** Slik bruker du ressursen **

Kurset er ein fleksibel og open ressurs, tilgjengeleg for alle. Det kan brukast av studentar på kroppsøvingslærarutdanningane som eit tillegg til undervisninga du allereie får og som ein ressurs i oppgåver(*). Den kan også brukast at kroppsøvingslærarar til fagutvikling. Du kan gå gjennom kurset åleine eller du kan gjere det saman med ein eller fleire kollegaer. Alle oppgåvene som er laga til kurset kan løysast individuelt, men det er heilt klart nyttig å diskutere dei i eit fellesskap. Det er også fritt fram for lærarutdannarar å bruke heile eller delar av ressursen i utdanninga. Innhaldet i kurset kan fritt brukast i undervisningssamanheng på universitet og høgskular, gjerne i kombinasjon med meir praktisk-metodisk undervisning.


Forfattar: Denne ressursen er laga av Øyvind Førland Standal, Professor i idrettspedagogikk. Den er basert på eit langvarig forskingsarbeid om kroppsleg læring. Dette arbeidet har komme til uttrykk gjennom populærvitskapleg formidling, t.d. i Bedre skole, ei rekke fagfellevurderte artiklar (sjå referanseliste på siste side HER, samt ein forskingsmonografi, Phenomenology and pedagogy in physical education

(*) Dersom du skal bruke noko du finn her i ei oppgåve, må du henvise til det i teksten. Videoar skal henvisast slik: Video, APA og tekst slik: Nettside, APA. Forfattar: Øyvind Førland Standal