Arbeidsplan
Arbeidsplan
Kurset er satt saman av forskjellige oppgåver. Du bør gjere dei i den rekkjefølgje dei er sett opp her.
Før du begynner:
Undervisningsressursane er delvis videoar og tekstar (artiklar, kapittel osv.) og delvis tilhøyrande arbeidsoppgåver. Du får aller mest ut av dette kurset dersom du arbeider saman med andre, fordi det er bra å kunne diskutere eigne refleksjonar med andre. Dersom du følgjer kurset åleine, går det også bra - pass berre på å vere nøye med å skrive ned dine eigne idear og refleksjonar! Sjølv om det kan verke litt arbeidssamt å skrive, er det å feste eigne tankar til papiret eller skjermen ein god måte å lære på.
Det første du bør gjere er difor å opprette eit dokument, eit kursnotat, der du skal svare på spørsmål, skrive lesenotat og reflektere over temaet kroppsleg læring. Det er nyttig å ha alt dette samla ein plass. Bruk dette notat aktivt både når du les og når du ser videoane. Det siste er særleg viktig: stopp videoen og ta notat når du høyrer noko du lurer på, blir interessert i, synst høyres rart ut e.l.
Før du går i gang er det lurt å bli klar over den forståinga du allereie har av kroppsleg læring i. I dette skjemaet blir du bede om å svare på nokre spørsmål som dreier om kven du er og korleis du forstår omgrepet kroppsleg læring.