Fjerde oppgåve

Når du svarte på spørsmålet i den førre oppgåva er det stor sjanse for at du lista opp aktivitetar, slik som ballspel, grunntrening, leik eller liknande. I alle fall er det gjerne slik forsking om kroppsøving skildrar innhaldet i faget, som eit koldtbord av aktivitetar (Annerstedt, 2008; Moen, Westlie, Bjørke & Brattli, 2018).

Men, det kan og hende at du skreiv noko om bevegelsesglede, som i dei siste læreplanane har blitt framstilt som ei viktig målsetting for kroppsøvingsfaget. I kjerneelementet Bevegelse og kroppsleg læring er også bevegelsesglede nemnt. Bevegelsesglede er ei subjektiv erfaring ein kan ha (eller ikkje ha) i kroppsøving eller i andre bevegelsespraksisar. Det finst og andre erfaringar av bevegelse elevar kan ha: spenning, avslapping, slit, motstand m.m..

I den neste videoen skal vi sjå på korleis bevegelsesglede kan illustrere noko som er heilt essensielt ved kroppsleg læring.

Referansar:

Annerstedt, C. (2008). Physical education in Scandinavia with a focus on Sweden: A comparative perspective. Physical Education & Sport Pedagogy, 13(4), 303–318.

Moen, K. M., Westlie, K., Bjørke, L., & Brattli, V. H. (2018). Når ambisjon møter tradisjon: En nasjonal kartleggingsstudie av kroppsøvingsfaget i grunnskolen (5.–10. Trinn). Høgskolen i Innlandet.

Med denne videoen skal du ha på plass ei forståing av begrepet kroppsleg læring. Du bør kunne svare på desse spørsmåla:


I den neste oppgåva skal vi sjå litt nærare på didaktiske konsekvensar av den forståinga av kroppsleg læring vi har lagt grunn.