Ordensreglar
ORDENSREGLAR FOR RINGSTAD SKULE.
Vi skal vise respekt for alle i skulesamfunnet. Saman skal vi arbeide for at skulen vår skal vere ein triveleg og trygg stad å vere. Det er nulltoleranse mot alle former for krenkingar og mobbing.
Elevane møter presis og budd på skulen til ei kvar tid, og det skal vere arbeidsro i timane.
Banning og uhøfleg tiltale skal ikkje nyttast på skulen. Elevane skal rette seg etter dei påbod som vert gjeve av dei tilsette på skulen.
Bruk, oppbevaring eller omsetting av tobakk, alkohol, narkotika eller andre rusmidlar er forbode på skulen sitt område og ved tilskipingar som skulen har ansvaret for. Gjeld og all bruk av e-sigarett.
Mobiltelefon, mobilklokke eller smartklokke skal ikkje brukast i skuletida eller på skulen sitt område. Mobiltelefonar/-klokker som vert brukte, vil verte inndregne resten av skuledagen og levert tilbake ved skuleslutt. Mobiltelefonen/-klokka kan ligge avslått eller med “fly-/skolemodus” i skulesekken. Skulen har ikkje ansvar for slikt utstyr.
Knivar, våpen eller andre farlege gjenstandar skal ikkje takast med på skulen.
Elevane har ikkje høve til å forlate skuleområdet i skuletida utan løyve.
Ballspel, snøballkasting og sykling/skating skal berre gå føre seg på tilviste stader.
Snop/tyggegummi skal ikkje nyttast i skuletida.
Elevane skal fare fint med skulebøker og anna skulemateriell som er skulen sin eigedom.
Eleven skal halde skulen og skulen sitt område og utstyr reint og i orden
Brot på ordensreglementet kan medføre følgjande reaksjonar:
Påtale på konkrete brot på reglar og avtalar.
Samtale med eleven
Ved fleire påtalar skal føresette ha beskjed/melding heim.
Ved fleire meldingar og gjentekne brot skal eleven og foreldra kallast inn til møte med kontaktlærar og administrasjon.
Inndraging av rettar som andre elevar har (t.d. vere inne i friminutt, bortvising frå enkelte plassar på skuleplassen).
Elev kan verte vist til opphald på eige rom under tilsyn.
Etter avtale med foreldra kan ein pålegge elevar attsitjing.
Pålegg om å rette opp skadeverk som eleven har påført skulen sin eigendom eller eigedelar
Bortvising frå enkelttimar eller resten av dagen i tråd med opplæringslova §9A - 11
Skulebyte etter opplæringslova §§8 - 1 og §9A - 12
Krav om full eller delvis erstatning inntil kr 5000 ved bevisst eller uaktsam skade på bygning, inventar, utstyr, jf. skadeerstatningslova.
Bevisst utløysing av falsk brannalarm kr 500.