Om Ringstad skule

Ringstad skule ligg i sentrum av Stranda, og er ein barneskule med ca 230 elevar fordelt på 1.-7.trinn.


På nettsida vår vil du finne informasjon om skulen, rutiner og samarbeidspartnerar. Informasjonen vil bli oppdatert undervegs.


Skulen sitt motto er “Meistringsglede, samarbeid og vennskap”. Elevundersøkinga, ei nettbasert spørjegransking for alle elevar på 7.trinn, har gjennom fleire år vist at Ringstad skule og SFO jamt over har elevar som trivst godt. Dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv, men som krev dagleg innsats både av skule og heim. Eit ope og godt samarbeid mellom heim og skule er viktig for elevane våre!




Rektor