Føremålet med barnevernslova er å sikre at barn og unge har gode/trygge oppvekstvilkår.
Dei sentrale oppgåvene til barnevernstenesta er å undersøke barnet sin omsorgsituasjon, sette i verk hjelpetiltak og om naudsynt fremje forslag om tiltak til Fylkesnemnda.
Der det er behov for hjelp, skal barnevernstenesta tilby frivillige tiltak i heimen. Vi kan tilby:
Råd og rettleiing/samtale til familiar og samarbeidspartnarar
Tilvisande instans til BUP.
Familieråd. (Familie og nettverk er med å finne gode løysingar)
Familieterapi.
BAPP grupper. (forebyggande tiltak for å redusere påkjenning for born der ein/el to foreldre slit med rus og/eller psykiske problem).
PMTO. (Parent managment training – Foreldretrening)
Kartlegging av foreldre og familie.
Samspelsobservasjon.
Besøksheim.
Støttekontakt.
Heimekonsulent.
Barnevernet skal legge vekt på kva som er best for barnet.
Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for barn.
Barnevernet sitt organisasjonsnummer er: 987 764 767