Skule/heim samarbeid

Eit ope og godt samarbeid mellom heim og skule er svært viktig for elevane våre. Dette er med på å skape trygge og gode rammer.

I tillegg til jamnleg informasjon frå skulen i form av vekeplanar, ulike informasjonsskriv, foreldremøter og kontakttimar skal kvar klasse ha to representantar med ulike roller. Desse blir valgt på foreldremøte om hausten, og med unntak av 1.trinn sit dei i to år.

Den eine representanten møter i FAU, den andre er klassekontakt. Begge er vikarar for kvarandre.

I tillegg har skulen formelle organ, Samarbeidsutval (SU) og Skulemiljøutval (SMU). Representantar frå FAU er med her.