SFO

Firkløveren SFO

Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod for barn i 1.- 4. klasse, og barn frå 1.- 7. klasse med særlege behov.

I tillegg til omsorg og tilsyn vil det på SFO bli lagt til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. I tillegg får barna oppleve viktig sosial læring og vennskap på tvers av alder og grupperingar dei er vande med i skulen.


Firkløveren SFO er ein del av Ringstad skule, og brukar dei same lokale som borna er kjende med frå skulekvardagen sin. 


Elevar i 1. klasse og elevar med særlege behov har prioritet ved opptak. Årleg søknadsfrist er 1. mars. 

Merk: Årleg søknad med nytt opptak kvart år. Oppseiingstida er gjensidig 1 månad rekna frå den 1. i kvar månad.


Kontaktinformasjon:

Last ned og bruk appen "Min skole foresatt" for å sende beskjed til SFO.

Leiar: Torill Ansnes, tlf 46411112

SFO følg barnehageruta, og har såleis ope i skulen sin haust-og vinterferie. I juleferie og påskeferie har SFO stengt dei same dagane som skulen er stengt.

NB: Når skulen er stengt er det bindande påmelding og eigen betalingssats.




Foreldrebetaling:

Sjå Stranda kommune sine nettsider for oppdatert informasjon: https://www.stranda.kommune.no/betalingssatsar/